LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instruktørtannlege (fast og vikariat)

Søknadsfrist: 13.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instruktørtannlege (fast og vikariat)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for periodonti, er det ledig ei 20 % fast stilling og eit 50 % vikariat som instruktørtannlege. Vikariatet er for ein periode på 12 månader. Både den faste stillinga og vikariatet er ledig frå 16. august. Vikariatstillinga kan delast opp i mindre stillingar.

Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved andre seksjonar og einingar ved behov.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av studentar, behandling av institusjonen sine pasientar, rettleiing og vurdering av studentane både praktisk og teoretisk. I tillegg kan det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege på tilsetjingsdato. Det er ønskeleg med erfaring frå allmennpraksis og undervisningserfaring. For å få fast tilsetjing er det eit krav med to års erfaring frå allmenn praksis som tannlege.

Dei som vert tilsett må ha god kunnskap i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Startløn (kode 1015) kr 565 000 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, eller (kode 1353) For søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse kr 590 000 brutto pr. år for ei fulltidsstilling.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar ved Seksjon for periodonti, førsteamanuensis Dagmar Fosså Bunæs: dagmar.bunes@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvidar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS