LEDIG STILLING VED UIT NORGES ARKTISKE UNIVERSITET
Toårig forskarstilling i systemepidemiologi "Kan vi snakka om alkoholbruk?"
Søknadsfrist: 02.09.2026
Publisert
.
UiT Noregs arktiske universitet er eit internasjonalt leiande breiddeuniversitet. Vår visjon er å vere ei drivkraft i nord. Det nordsamiske omgrepet eallju, som tyder arbeidsiver, set tonen for drivkrafta ved UiT. Saman med studentar, tilsette og samfunnet elles skal vi utnytte vår plassering i Nord-Noreg og Sápmi, vår faglege breidde og tverrfaglege fortrinn til å forme framtida.
Vårt samfunnsoppdrag er å gi forskingsbasert utdanning av høg kvalitet og utføre kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking i heile spennet frå det grunnleggjande til det anvende på høgt internasjonalt nivå. Vi skal formidle kunnskap om fagområda våre og bidra til innovasjon. Samfunnsoppdraget sameinar UiT på tvers av ulike studium, forskingsfelt og store geografiske avstandar. Det krev godt samarbeid med nærings- og samfunnsliv og internasjonale partnarar. Vi skal styrkje ei kunnskapsbasert og berekraftig utvikling, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Akademisk fridom, vitskaplege og forskingsetiske prinsipp ligg til grunn for heile verksemda ved UiT. Medverknad, medbestemming, openheit og gode prosessar skal gi det avgjerdsgrunnlaget vi treng for å gjere kloke og framsynte prioriteringar. Våre studentar og tilsette skal ha moglegheit til å utvikle evnene og potensialet sitt. Bygd på vitskapleg integritet skal vi vere modige, engasjerte og rause - tett på fag, folk og samtidsutviklinga.
Ved Institutt for samfunnsmedisin (ISM) er det ledig ei 100 % stilling som forskar for ein periode på 2 år. Planlagt oppstart årsskiftet 26/27. Arbeidsstad er Tromsø.
ISM er eitt av ti institutt ved Det helsevitskaplege fakultetet. Instituttet er organisert i ni forskingsgrupper og ulike fageiningar for undervisning. Størsteparten av undervisninga blir gitt i medisinstudiet, på masterprogrammet i folkehelsevitskap (Master of Public Health) og på bachelor-/masterutdanninga i ernæring. Instituttet deltek òg i andre emne på bachelor-, master- og PhD-nivå. Instituttet leier den nasjonale forskarskolen innan populasjonsbasert epidemiologi (EPINOR) og er partnar i den nasjonale allmennmedisinske forskarskolen (NAFALM) og den nasjonale forskarskolen i ernæring (NUTRINOR). Sidan 1972 har instituttet hatt ansvar for «Tromsøundersøkelsen» og er i tillegg vert for andre store studiar som «Kvinner og Helse» og «SAMINOR». Om lag 230 tilsette arbeider ved instituttet. Den ledige stillinga er knytt til forskingsgruppa i systemepidemiologi.
Du må kunne starta i stillinga innan rimeleg tid etter å ha mottatt tilbod.
Arbeidsoppgåver
Den som blir tilsett, skal bidra til å vidareutvikla fagområdet forskingskommunikasjon og samskaping ved ISM. Forskinga skal hovudsakleg vera relatert til tema knytt til prosjektet «Moderate alcohol intake and breast cancer in Norwegian women: modern methodological approaches to address causal effects and improve risk communication» (Modalc), finansiert av midlar frå Rosa sløyfe-aksjonen. Hovudmålet med stillinga er å studera korleis ein best kan formidla risikoinformasjon knytt til alkoholbruk.
Det er forventa at den som blir tilsett deltek i nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid innanfor forskingskommunikasjon, og bidreg i arbeidet med å søkja ekstern forskingsfinansiering.
I tillegg til dataanalyse og skriving av artiklar er det forventa at den som blir tilsett er med og koordinerer kommunikasjonsdelen av prosjektet, og har kontakt med brukarpanel, rådgjevande gruppe og prosjektpartnarane. Dette føreset ein strukturert person med gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, gode samarbeidsevner, og evne til å jobba målretta, både sjølvstendig og i grupper.
Oppgåver i stillinga som forskar:
vera med og leia arbeidet med forskingskommunikasjon i Modalc
vera med og utvikla survey
Planleggja og gjennomføra scoping review av tilgjengeleg kunnskap om risikokommunikasjon knytta til alkohol, og studie knytt til samskaping av formidling av risikoinformasjon.
Ein norsk doktorgrad (PhD) eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad der det har blitt nytta kvalitativ metode, fortrinnsvis fokusgruppeintervju og/eller intervju
Røynsle med å gjera litteraturgjennomgang
Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk. Kunnskap i norsk på B2-nivå
Ønska kompetanse:
Kompetanse på å forska på forskningskommunikasjon
Kjennskap til helseforsking
Erfaring med forskingsadministrasjon/prosjektleiarerfaring og kunna visa til eit nasjonalt og/eller internasjonalt forskingsnettverk
Ein kan søkja om avhandlinga er levert på søknadstidspunktet, men enno ikkje godkjent.
I vurderinga av søkjarane vil vi òg leggje vekt på søkjaren sin motivasjon og personleg eignaheit for stillinga. Vi søkjer kandidatar som mellom anna har:
Gode samarbeidsevner
Evner til god kommunikasjon og samhandling med kollegaer og studentar
Evner og ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Ved UiT vert det lagt vekt på forskingsarbeida sin kvalitet, relevans og betyding og ikkje på kvar arbeida er publiserte, i samsvar med prinsippa i The San Fransisco Declaration on Research Assessment (DORA).
Kjønnsrepresentasjon
UiT ønskjer kjønnsbalanse i undervisnings- og forskarstillingar. Ved likeverdige kvalifikasjonar vil det underrepresenterte kjønnet bli prioritert.
Arbeids- og lønsvilkår
Du må vere villig til å engasjere deg i utviklingsarbeid innanfor eige fag og for universitetet som heilskap.
Forskar blir løna etter statens regulativ kode 1109 med lønspenn på kr. 630.000 - 765.000.
Tilsetjinga skjer i samsvar med reglar og vilkår som til eikvar tid gjeld for statstilsette, og retningsliner ved UiT.
Frå bruttoløn blir det trekt 2 % pliktig innskot til Statens pensjonskasse.
Søknaden
Søknaden skal innehalda:
Søknadsbrev med kort skildring av interesse og motivasjon for stillinga.
Vi ber om at søkjaren gjer greie for kompetansen sin i høve til krava og ønska som er nemnte i utlysinga.
Vitnemål og karakterutskrift for alle gradar
Attester
Kontaktinformasjon til 2-3 referansar
Dokumentasjon av norsk språk, kan dokumenterast ved følgjande:
Vitnemål frå vidaregåande
Kursbevis norskprøve
CV med oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid
Fullstendig liste over vitskaplege arbeid
Skildring av din vitskaplege produksjon og kva for arbeid som er mest betydingsfulle i høve til den utlyste stillinga, og bør derfor liggje sentralt i vurderinga. Vidare blir dei andre arbeida skildra kortfatta for å vise breidda i produksjonen. Skildringane skal følgje som vedlegg til søknaden.
Sentrale vitskaplege arbeid, inntil 10. Doktorgradsavhandlinga blir rekna som eitt arbeid.
All dokumentasjon som skal vurderast, må vera på eit skandinavisk språk eller engelsk. Søknaden med vedlegg leveres elektronisk via www.jobbnorge.no.
Vurdering av søkjarane
Søkjarane vil bli vurderte av ein sakkyndig komité. Komiteen sitt mandat er å gjere ei vurdering av søkjarane sine kvalifikasjonar på grunnlag av søknadsdokumenta og utlysingsteksten. Alle søkjarar vil få ein kopi av vurderinga frå den sakkyndige komiteen.
Søkjarar som blir vurderte som best kvalifiserte, vil bli kalla inn til intervju. Intervjuet skal mellom anna avklara personleg eignaheit og motivasjon for stillinga. Det kan òg bli gjennomført prøveførelesing.
Førespurnader om korleis arbeidsmiljøet er tilrettelagt, helseteneste, høve for fleksitid, deltid o.l. kan rettast til kontaktperson.
Personopplysningar som blir oppgjevne, blir handsama i samsvar med lov om handsaming av personopplysningar. Søkarar kan be om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista, men universitetet kan likevel avgjere at namnet på søkaren skal offentleggjerast. Søkjaren vil då bli varsla i forkant av offentleggjering.