LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiatstilling i musikkterapi ved Griegakademiet - Institutt for musikk

Søknadsfrist: 01.11.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiatstilling i musikkterapi ved Griegakademiet - Institutt for musikk

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk er det ledig ei stipendiatstilling innan fagområdet musikkterapi. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år med planlagd start 02.01.2023

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett i stillinga må utvikle sitt eige prosjekt innanfor fagområdet. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd, og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse.

Om fagområdet :

Fagområdet musikkterapi ved Griegakademiet - Institutt for musikk, er definert som det tverrfaglege studiet av musikk og helse, og er forankra i ein humanistisk og samfunnsorientert musikkterapitradisjon. Griegakademiet har eit 5-årig integrert masterprogram i musikkterapi. Dette studieprogrammet tilbyr både ei praktisk og vitskapeleg tilnærming, og utforskar relasjonar mellom musikk og helse i kliniske kontekstar og i kvardagsliv. Forskingsmiljøet er organisert i tvillingsenteret, Griegakademiets senter for musikkterapiforsking, GAMUT, i samarbeid med NORCE.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan musikkterapi. Søkjarar med grad innan andre relevante fagområde kan vurderast viss prosjektet er innanfor fagområdet. Søkaren si masteroppgåve må ha eit omfang på minimum 30 studiepoeng, og karakteren på masteroppgåva må som hovudregel vere B eller betre.

Prosjektet må høyre inn under fagområdet musikkterapi og vil verte vurdert i lys av forskingskompetansen og forskingsstrategien ved instituttet, og ved GAMUT. Hovudrettleiar vil som regel vere fast tilsett ved instituttet. Det skal gå fram av søknaden kven som har stadfesta å kunne vere hovudrettleiar for prosjektet.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Stipendiaten vert tilsett ved Fakultet for kunst, musikk og design, med plikt og rett til å ta del i undervising, eksamensarbeid og/eller forskingsadministrasjon i 25 % av stillinga i tilsetjingsperioden, dette etter dei studieordningane som gjeld til ein kvar tid.

Den som vert tilsett, må søke om opptak på ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Ved Griegakademiet - Institutt for musikk vil kandidaten bli knytt til forskarskolen Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies, som samlar kandidatar frå eit breitt fleirfagleg musikkfelt. Stipendiatar vil og bli knytt til relevante forskargrupper ved instituttet.

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Griegakademiet - Institutt for musikk, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 501 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektomtale, inntil 5 sider (20 000 teikn), og namn på føreslegen rettleiar
  • Framdriftsplan for prosjektet
  • Vitnemål frå universitet/høgskule (skanna versjon) som viser at du har relevant utdanning
  • CV
  • Liste over eventuelle vitskaplege produksjonar

Ein komité vil vurdere søknadene. Hovudkriteria ved vurderinga er søkjaren sitt forskingspotensial, slik det går fram av prosjektskissa, hovudfags-/ mastergradsoppgåva, og andre vitskaplege arbeid (dersom tilgjengeleg).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Randi Rolvsjord tlf. +47 97 51 48 78, e-post: randi.rolvsjord@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS