LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiatstilling – dobbelkompetanse i psykologi

Søknadsfrist: 15.08.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det psykologiske fakultet er det ledig ei stipendiatstilling som vil kunne gje dobbelkompetanseutdanning i psykologi. Stillinga har ein samla åremålsperiode på inntil sju år og vert finansiert av Universitetet i Bergen i samarbeid med Klinikk psykisk helsevern for voksne, Helse Bergen HF. Den utlyste stipendiatstillinga vil vera knytt til eit forskingsprosjekt retta mot endringsprosessar i transdiagnostisk behandling for emosjonelle lidingar med terapiforma «Unified Protocol».

Om stillinga som dobbeltkompetansestipendiat

Denne stillinga gjev eit unikt høve til å kombinere ph.d.-utdanning og spesialistutdanning. Dobbelkompetanse vil i denne samanhengen tyda dokumentert forskingskompetanse (avlagt ph.d.-grad) og spesialistkompetanse (spesialisering godkjent av Norsk Psykologforening). Stillinga er samansett av to sjølvstendige delar, som kan kombinerast etter avtale. Stipendiatperioden er på til saman 3 år og spesialistkandidatperioden er på inntil 4 år. Tilsetjing i stipendiatstilling skjer med Det psykologiske fakultet som arbeidsgjevar, medan tilsetjing som psykolog i spesialistkandidatstilling ved denne utlysinga skjer med Psykiatrisk divisjon, Helse Bergen HF som arbeidsgjevar. Finansieringa av spesialistdelen av stillingane er forankra i ein regional samarbeidsavtale mellom fakultetet og helseføretaket.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må på søknadstidspunktet vere cand. psychol. eller ha ei tilsvarande utdanning som gjev autorisasjon som psykolog i Norge. 
  • Søkjaren må normalt ha bestått profesjonsstudiet med særs godt resultat eller kunne dokumentera tilsvarande nivå gjennom seinare forskingsarbeid og i prosjektskildringa 
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på hovud-/masteroppgåva ved opptak til ph.d.-utdanninga 
  • Kjennskap til behandlingsforma «Unified Protocol» vil vera ein særleg fordel
  • Erfaring med forskingsprosjekt som undersøker verksame prosesser i psykoterapi vil også vera ein fordel 
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner 
  • Søkjaren må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg 
  • Søkjaren må ha gode norskkunnskapar 
  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagde. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga og ph.d.-utdanninga:

 Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også verte vurdert i høve til krava for opptak til ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet. Nærare om ph.d.- utdanninga ved Det psykologiske fakultet her

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Prosjektskildringa skal ha ei klar forankring i klinisk psykologi og vera knytt til forskingsmiljø ved Det psykologiske fakultet. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet seinast tre månader etter at du har teke til i stillinga. 

Om spesialistutdanninga: 

Det er særleg spesialiteten i klinisk psykologi for vaksne som er aktuell for denne stillinga, og spesialistutdanninga skjer ved Psykiatrisk divisjon, Helse Bergen HF. Praksiskrava til spesialiseringa vil vere gjeldande, og helseføretaket vil leggja til rette for rotering til naudsynt praksis. Spesialiseringskurs og rettleiing vil vere dekka av helseføretaket. Det skal leggjast fram ein plan for spesialistutdanninga som presiserer kva for spesialitet/fordjupningsområde som er siktemålet, samt ein tentativ plan for fordeling av tid som ph.d.-stipendiat og som 2 spesialistkandidat for heile utdanningsløpet (7 år). Planen for spesialistutdanninga skal vurderast av Norsk Psykologforening etter tilsetjing. Løn som spesialistkandidat vert avtalt særskilt med helseføretaket. Om søkjarar har byrja på spesialistopplæringa, kan samla åremålsperiode verte redusert tilsvarande.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Stillinga gjev automatisk lønsutvikling i inntil fire år med 3% årleg stiging.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Kort kunnskapsoppsummering om sentrale prosessar knytt til emosjonelle lidingar, korleis desse kan adresserast terapeutisk og undersøkast empirisk (maks. 4 sider inkludert referanseliste) 
  • Tilråding frå forskingsgruppeleiar og ph.d.-rettleiar ved UiB 
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve 
  • CV 
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) 
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjarar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå dei nordiske landa kan bli automatisk godkjent, sjå NOKUT.
  • Relevante attestar, inklusiv oppnådd autorisasjon som psykologi i Norge 
  • Eventuelle publikasjonar 

    Vi gjer merksam på at søknadar vert vurderte med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen. 

    Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Opplysningar om aktuelt forskingsprosjekt kan ein få ved å venda seg til:

  • Førsteamanuensis Jon Vøllestad, Institutt for klinisk psykologi, 55584939, Jon.Vollestad@uib.no 

Utfyllande opplysningar om dobbelkompetanseprogrammet kan ein få ved å vende seg til Det psykologiske fakultet ved professor Elisabeth Schanche, 55589088, Elisabeth.Schanche@uib.no eller seniorrådgjevar Arild Mellesdal, 55588356, Arild.Mellesdal@uib.no. 

For opplysningar om spesialistutdanninga og forsking i helseføretaket kan ein vende seg til Fagsjef Else-Marie Løberg ved Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen HF, else.marie.loberg@helse-bergen.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS