Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiatstilling (3 år) knytt til skiftarbeid, sjukefråvær og arbeidsrelaterte ulykker

Søknadsfrist: 09.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ei ledig stilling som stipendiat knytt til fagområdet søvn og skiftarbeid. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, knytt til NFR-prosjektet: «Mot en bærekraftig arbeidsstyrke i helsesektoren i det 21. århundre: Helsefremmende arbeidsplaner» (HeWoS). Hensikten med prosjektet er å etablere ein kunnskapsbase om helsefremjande arbeidsplanar for helsearbeidarar. Vidare skal vi bidra til at vi har ein produktiv og berekraftig arbeidsstyrke i helsesektoren i framtida.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

HeWoS

  • Prosjektet vil etablera eit nasjonalt skiftarbeidsregister for helsearbeidarar og undersøke effekten av sesongvariasjon i lys på samanhengen mellom skiftarbeid og sjukefråvær. Data vil også bli samanlikna med tilsvarande data frå Danmark og Finland.
  • Vidare vil prosjektet gjennomføra to randomiserte kontrollerte studiar der hensikta er å undersøka effekten av; 1) å ta bort sein-tidleg vaktar (quick returns) frå arbeidsplanen på sjukefråvær, gjennomtrekk (turnover), søvn, helse og arbeidsrelaterte hendingar/ulykker, 2) ei sjølvhjelpsbok for skiftarbeidarar med skiftarbeidslidingar på søvn, helse og gjennomtrekk.
  • I ein eksperimentell labstudie vil prosjektet undersøka effekt av QRs på prestasjon (kognitiv fungering) og undersøka om lys kan motverka ein eventuell negativ effekt av QR. Labstudien har og som mål å identifisera individuelle forskjellar og spesifikke genotypar relatert til QR toleranse.
  • For å sikra at etablert kunnskap blir kommunisert til praksisfeltet og politikare vil HeWoS- prosjektet i samarbeid med Helse Bergen arrangere ein skiftarbeidkonferanse.
  • Prosjektet er organisert i fem delprosjekt (arbeidspakkar) der kvar del vil ha sitt særskilde fokus for å svare på den overordna problemstillinga.

Arbeidspakke 2Stipendiatstillinga er knytt til arbeidspakke 2 (WP2) «Determinating the effect of quick returns in a randomised controlled trial». I WP2 vil vi gjennomføre ein randomisert kontrollert intervensjon for å undersøke effekten av å ta bort sein-tidleg vakter (quick returns) frå arbeidsplanen på mellom anna sjukefråvær, gjennomtrekk (turnover) og arbeidsrelaterte hendingar/ulykker.

Problemstillingane i arbeidspakka er mellom anna:

  • Vil arbeidarar som har en arbeidsplan utan sein-tidlegvakter:
    • få redusert sjukefråvær?
    • rapportere betre søvn, mental og fysisk helse?
    • rapportere om færre arbeidsrelaterte hendingar/ulykker?
  • Korleis er sein-tidleg vakter relatert til jobbtilfredsheit, jobbengasjement og arbeid-familie konflikt?
  • Kan individuelle faktorar assosiert med skiftarbeidstoleranse (alder, kjønn, søvnbehov) moderere eventuelle negative effektar av QR?

Arbeidsoppgåver

I samarbeid med andre forskarar i prosjektet vil stipendiaten sine arbeidsoppgåver vere å:

  • bidra i administrering av prosjektet, prosjektmøte og samlingar
  • analysere data og forfatte vitskaplege artiklar frå prosjektet
  • formidle funn frå prosjektet på nasjonale og internasjonale konferansar
  • samarbeide med nasjonale og internasjonale partnarar

Stipendiaten vil ha sin arbeidsplass i Bergen, ved Institutt for samfunnspsykologi (ISP).

Stipendiaten vil vere del av ei større tverrfakultær forskargruppe «Bergen søvn og kronobiologinettverk» (www.BeSCN.no) som består av fleire erfarne forskarar innan forskingsfeltet. Hovudrettleiar vil bli Øystein Vedaa (FHI).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må på søknadstidspunktet ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i psykologi, helsefremjande arbeid eller andre relevante fagområde.
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga.
  • Gode ferdigheiter i statistiske analysar er ein føresetnad.
  • Gode ferdigheiter i norsk er ein føresetnad då dette vil lette rekrutteringsprosessen av deltakarar i prosjektet og kommunikasjon med dei vidare.
  • Erfaring frå forsking på søvn og skiftarbeid vil vere ein fordel.
  • Erfaring frå praktisk arbeid relevant for studien vil vere ein fordel.
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg.
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling på 3 år. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Søkjarar kan ikkje ha ein doktorgrad/ph.d. frå før.

Om forskarutdanninga:Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også verte vurdert opp mot krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet.

Nærare om forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet her.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 / LR20, alternativ 10) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning).
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjarar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå dei nordiske landa kan bli automatisk godkjent, sjå NOKUT.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS