LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Professor II (20% ekstraerverv) i helsevitskap

Søknadsfrist: 03.11.2025

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord.

Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling og folkehelse, masterstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie og master i sjukepleie - kliniske spesialitetar, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 20 % mellombels stilling i ekstraerverv som Professor II ved Fakultet for helse-og sosialvitskap, Institutt for helse- og omsorgsvitskap, campus Førde.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 20 % stilling som professor (ekstraerverv) ved Fakultet for helse- og sosialvitskap. Stillinga ligg ved institutt for helse- og omsorgsvitskap. Fagområde for stillinga er helsevitskap med fordjuping innan eldre med samansette og langvarige sjukdomar, og helsehjelp til desse. Stillinga er primært knytt til studieprogrammet «Master i avansert klinisk allmennsjukepleie», og skal styrke pasient- og helsetenestenær forsking, utdanning og utviklingsarbeid.

Søkjarar må ha hovudstilling i Helse Førde. Dette er såleis ei kombinert stilling mellom HVL og Helse Førde. Tilsetjingsperiode er for perioden 01.01.2026 til 31.12.2027.

Dersom stillingsinnehavar sluttar i Helse Førde i tilsetjingsperioden, vert ekstraervervet avslutta. 

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Forskings- og utviklingsverksemd retta inn mot eldre med samansette sjukdomar eller helseproblem
  • Bidra til å styrke og vidareutvikle fou-samarbeidet mellom HVL og helsetenestene i regionen
  • Vere pådrivar for samarbeid om forskingsprosjekt ved fakultetet, ved HVL og med regionale, nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar, og initiere, leie og bidra til søknadar om forskingsmidlar i nasjonal og internasjonal konkurranse
  • Undervise og rettleie på master- og phd-nivå. Det kan også vere aktuelt med undervisning på bachelornivå.
  • Samarbeide med ulike sektorar om forsking og utvikling for å bidra til berekraftige helsetenester 

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven 

For å innfri kvalifikasjonskrava til professor krevst minst:

  • doktorgrad innan relevant fagområde, eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert enten ved vitskapleg arbeid eller kunstnerisk arbeid av same omfang og kvalitet 
  • utdanningsfagleg kompetanse*
  • norskferdigheiter på nivå B2 
  • vesentlege bidrag til forsking eller kunstnerisk utviklingsarbeid på høgaste nivå, i samsvar med internasjonale eller nasjonale standardar innan fagområdet

Kvalifikasjonskrav:

  • Norsk autorisasjon som lege eller sjukepleiar og relevant klinisk erfaring
  • Relevant doktorgrad
  • Forskings- og utviklingsarbeid med nasjonalt og internasjonalt samarbeid retta inn mot eldre pasientar med samansett sjukdomsbilete eller helseproblem
  • Forsking av høg kvalitet retta inn mot over nemde felt
  • Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må beherske norsk (minimum nivå B2) eller anna skandinavisk språk 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk
  • Brei rettleiingserfaring fortrinnsvis på master- og phd-nivå 
  • Evne til å initiere, utvikle og oppnå ekstern finansiering av kliniske forskingsprosjekt
  • Brei erfaring med prosjektleiing og forskingsleiing 
  • Omfattande erfaring frå forskingssamarbeid med helsetenestene 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Klinisk erfaring og forskingserfaring med eldre med skrøpelegheit 

Personlege eigenskapar:

  • Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga. Dette inneber
  • Gode samarbeids-, kommunikasjons- og formidlingsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere pådrivar, og samtidig vere fleksibel 
  • Evne og motivasjon til tverrfagleg samarbeid og samarbeid på tvers av sektorar
  • Å ha motiverande leiings- og rettleiareigenskapar

Utdanningsfagleg kompetanse 

For stilling som professor skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL.

Søkjarar som ved tilsetjing ikkje oppfyller krava i etter Forskrift til universitets- og høyskoleloven må oppfylle desse innan to år. HVL tilbyr kurs i utdanningsfagleg kompetanse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskaplege arbeid (inntil 15 stk.)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål. 

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som Professor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1013 Professor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS