LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiatstilling - Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Søknadsfrist: 01.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei stipendiatstilling i norsk som andrespråk. Planlagt oppstart er 1. september 2021, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. Stillinga er knytt til prosjektet Adult Acquisition of Norwegian as a second language (ALAN) | Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier | Universitetet i Bergen (uib.no).

Prosjektet er eigd av Universitetet i Bergen (UiB) med Høgskolen i Østfold (HiØ) som samarbeidspartnar. I prosjektet skal det tilsetjast til saman to stipendiatar, ein på kvar institusjon.

Om prosjektet:

I ALAN-prosjektet vil ein studere tidleg andrespråkslæring blant vaksne innlærarar utan høgare utdanning frå heimlandet. Det overordna føremålet er å utforske korleis denne gruppa vaksne innlærarar utviklar kommunikative ferdigheiter i andrespråket norsk i løpet av det første året med formell opplæring. For å kunne svare på det vil ein studere utviklinga av språket innanfor tre områder: grammatikk, vokabular og pragmatikk. I tillegg til at prosjektet vil beskrive og forstå korleis språket innanfor dei enkelte områda veks fram, er viktige mål å studere korleis utviklinga innanfor desse områda interagerer, og korleis desse ulike ferdigheitene verkar inn på den overordna evna til å kommunisere på andrespråket. Det vil bli samla data på to ulike stader i Noreg som ligg i to ulike i to ulike dialektområde, Bergen og Østfold, for å også kunne undersøkje om, korleis og i kva grad talemålsvariasjonen i målspråket norsk påverkar tileigninga av norsk som andrespråk.

Ved hjelp av ulike metodar (narrativar, kommunikasjonsoppgåver, elisiteringsoppgåver og intervju) vil det i ALAN-prosjektet bli samla inn og analysert ulike typar av munnleg og skriftleg andrespråksdata. Delar av det innsamla materialet vil leggje grunnlaget for utvikling av eit nytt andrespråkskorpus, Munnleg andrespråkskorpus (MASK) utvikla i samarbeid med CLARINO, UiB.

Ph.d.-prosjektet må sikte mot å studere tileigning av norsk innanfor eit eller fleire av desse tre språkområda (grammatikk, vokabular, pragmatikk) blant vaksne andrespråksinnlærarar. Søkjarar må føreslå eit Ph.d.-prosjekt og levere ein prosjektomtale (sjå fleire detaljar under «Slik søkjer du stillinga»).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande innan norsk som andrespråk eller i norsk eller nordisk med oppgåve innretta mot norsk som andrespråk. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT). Dokumentasjon av utanlandsk utdanning vil kunne bli sendt til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.
  • Søkjar må normalt ha A eller B på masteroppgåva, og masteroppgåva må ha eit omfang på minimum 30 studiepoeng.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha svært gode kunnskapar om og ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.

I tillegg vil dei følgjande erfaringar bli rekna som ein fordel:

  • Erfaring med innsamling og handtering av data, særleg frå ein andrespråkskontekst.
  • Erfaring med undervisning i norsk som andrespråk.
  • Erfaring med vurdering av munnleg eller skriftleg andrespråksproduksjon.
  • Erfaring frå deltaking i anna forskings- og utviklingsarbeid.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hos søkjarane.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er. I rangeringa vil det også kunne bli teken strategiske omsyn som sikrar at dei to stipendiat-stillingane i prosjektet, plasserer seg ulikt innanfor dei tre språkområda (grammatikk, vokabular, pragmatikk).

For stillinga gjeldt følgande:

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søke.

Stipendiaten vil også inngå i forskarfellesskapen i ALAN-prosjektet og delta i og førebu møte, seminar, workshops og konferansar ved UiB og HiØ.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett, tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga:

Stipendiaten skal delta i eit godkjent utdanningsprogram. Det er ein føresetnad at søkjaren fyller krava for opptak til ph.d.-program ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 481 800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere. hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil 3 sider).
  • Relevante attestar.
  • Prosjektomtale (inntil 5 sider), sjå nettsida til prosjektet for relevant bakgrunnsinformasjon. Prosjektomtalen skal innehalde:
    • Eit kort samandrag (abstract) som samanfattar prosjektet.
    • Forankring i forskingsfeltet. Korleis plasserer prosjektet seg, og korleis vil det tilføre ny kunnskap?
    • Hovudmålsettingar, forskingsspørsmål og eventuelt hypotesar.
    • Teoretisk tilnærming og metodologi.
    • Tidsplan.
    • Litteraturliste.
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Masteroppgåva.
  • Eventuelle vitskaplege arbeid utanom masteroppgåva (inntil 3).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Ann-Kristin Helland Gujord, tlf. 55 58 24 57, e-post: ann-kristin.gujord@uib.no eller
  • Instituttleiar Anders Fagerjord, tlf. 55 58 36 53, e-post: anders.fagerjord@uib.no

Dersom du også vil søkje stipendiatstillinga utlyst ved Høgskolen i Østfold, kan du kontakte dosent Ragnar Arntzen, tlf. 696 08 134, e-post: ragnar.arntzen@hiof.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om utforming av søknad her

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS