LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiater (2 stillinger) i informatikk: logikk, algoritmer og KI

Søknadsfrist: 18.03.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. 

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i logikk, algoritmer og KI

Ved Institutt for informatikk er det ledig to stillingar som ph.d.-stipendiat i algoritmar, logikk og KI. Stillingane er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillingane er knytt til finansiering frå TMS-prosjektet Trustworthy AI og Universitetet i Bergen. Dei som vert tilsett må kunne starte i stillinga seinast innan 30. september 2024.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stipendiatstillingane er knytt til prosjektet "Algorithmic Foundations of Trustworthy AI". Dette prosjektet er eit samarbeid mellom Institutt for informatikk og Institutt for informasjons- og medievitskap, der målet er å utvikle nye teoriar for å forstå, utvikle og designe sosialt medvitande algoritmar. Dei rette kandidatane skal aktivt bidra til forsking på foreining av sosiale parametrar og algoritmisk effektivitet. Dette gir ein unik moglegheit til å engasjere seg i grensesprengande arbeid i kryssingspunkta mellom KI, algoritmar, logikk og samfunnsvitskap.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk eller matematikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 25.06.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. 
  • Forskingserfaring dokumentert med publikasjonar i anerkjente fora innan teoretisk datavitskap (som FOCS/STOC/SODA/ICALP/LICS) eller innan KI (som AAAI/IJCAI) konferansar er ein stor fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
  • Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga: 

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: 

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr i brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54) brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 25.06.2024.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Professor Fedor Fomin på fedor.fomin@uib.no eller instituttleiar Inge Jonassen på inge.jonassen@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Karoline Christiansen, karoline.christiansen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS