LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat knytt til lektorutdanninga (engelsk, framandspråk, filosofi)

Søknadsfrist: 28.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det humanistiske fakultet (HF) er det ledig ei fire-årig stipendiatstilling innan engelsk, framandspråk eller filosofi. Stipendiatstillinga vil vere knytt til anten Institutt for framandspråk (IF) eller Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF). Den som får tilbod må kunne starte i stillinga innan seks månader etter å ha motteke tilbod.

Om stillinga:

Stillinga er ei av to stipendiatstillingar tildelt fakultetet gjennom Universitetet i Bergen i tilknyting til Kunnskapsdepartementet si tildeling av nye studieplassar på lektorprogrammet ved HF hausten 2020, og vil vere ein del av fakultetet si satsing på lektorutdanninga.

Stipendiaten sitt prosjekt skal omhandle problemstillingar knytt til faga engelsk, framandspråk eller filosofi i lektorutdanninga. Problemstillingane kan ta utgangspunkt i faghistorie, danningsteori, metodespørsmål eller mål, innhald og grunngjevingar i undervisning. Også prosjekt innan skoleforsking vil kunne vere relevante.

Interesserte søkjarar blir oppmoda om å ta kontakt med fagmiljøet dei ønskjer å samarbeide med og utarbeide ei prosjektskisse (maks 5 sider) etter innspel frå fagmiljøet. Sjå under Generell informasjon for kontaktinformasjon.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande innan engelsk, framandspråk eller filosofi. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Mastergradar frå andre land blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT). Dokumentasjon av utanlandsk utdanning vil kunne bli sendt til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.
  • Det er ein føremon med kjennskap til lektorutdanning.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjar må ha gode norskkunnskapar.

Søkjar må ha etablert kontakt med ein rettleiar blant dei fast tilsette ved instituttet ein søkjer seg til, og søknaden må innehalde ei stadfesting frå denne rettleiaren. Sjå kontaktinformasjon for institutta under Generell informasjon.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

For stillinga gjeldt følgande:

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen kan ikkje søke.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Stipendiaten skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei ramme på 3 år. Det er ei føresetnad at søkjarar fyller krava for opptak til ph.d.-program ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 481.800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil 3 sider).
  • Relevante attestar.
  • Prosjektskisse (inntil 5 sider/12 000 teikn).
  • Framdriftsplan for prosjektet.
  • Litteraturliste for prosjektskissa.
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Eventuelle vitskaplege arbeid (inntil 3).
  • Stadfesting frå hovudrettleiar ved instituttet.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokument på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format, og må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar. For søkjarar innan engelsk og framandspråk: instituttleiar ved Institutt for framandspråk Åse Johnsen, telefon 55 58 22 90 eller e-post ase.johnsen@uib.no
  • For søkjarar innan filosofi eller allmenndidaktiske prosjekt: instituttleiar ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium Steinar Bøyum, telefon 55 58 25 51 eller e-post steinar.boyum@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om utforming av søknad her.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 28.02.2021

UiB-id: 21/474

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS