Stipendiat knytt til kvalitetsfremjande tiltak i matematikkundervisninga
Søknadsfrist: 25.04.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Matematisk institutt ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat innan utdanningsforsking for å studere kvalitetsfremjande tiltak i matematikkundervisninga i høgere utdanning. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
I dagens høgteknologiske samfunn er kompetanse innan matematiske fag viktigare enn nokosinne for å lykkast i å løysa dagens og framtidige utfordringar: matematikk er språket frå naturvitskapen. Matematisk institutt (MI) har et stort undervisningsansvar for å utvikle nødvendig matematisk kompetanse, spesielt i tidlege stadium av studieløpet i STEMutdanningane. Undervisningsopplegg med førebuande plenum forelesningar, gruppe-øvingar og obligatoriske innleveringar har vore standard gjennom fleire tiår, men inspirert av nye studentaktive undervisningsformer har instituttet satt i gang fleire studiekvalitetsprosjekt med mål om å auke studentane sitt læringsutbyte.
I dette prosjektet ynskjer ein å undersøke korleis samarbeidslæring kan bidra til auka læringsutbyte ved å utvikle studentane sine samarbeidsevner og styrke ein inkluderande samarbeidskultur. Samt ynskjer ein å undersøke studentane si kjensle av tilhøyrsle, tverrgåande ferdigheiter og akademiske prestasjonar.
Stipendiaten vil
Studere implikasjonar av ulike tiltak for pedagogisk utvikling og studiekvalitet på individ- , institutt-, institusjons-, og sektornivå innan forsking på matematikkundervisning i STEM-utdanning på universitetsnivå
Undersøke samanhengar mellom undervisarane og studentane sine haldningar, motivasjon, praksisar og læringsutbyte, i samarbeid med andre partnerar i prosjektet
Analysere data, skrive og publisere vitskaplege artiklar
Vere ein aktiv del av studiekvalitetsarbeidet på MI
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i et STEM-fag. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 15.07.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
Sterk matematisk bakgrunn er ein føremon
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
Søkjarane må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg
Søkjarar må ha gode norskkunnskapar
Undervisningskompetanse i matematikk eller matematikkdidaktikk på relevant nivå er ein føremon
Erfaring frå utvikling og analyse av høgare utdanning samt undervisning er ein føremon
Erfaring frå eller kompetanse innan bruk av spørjeundersøkingar i utdanningsforsking er ein føremon
Erfaring frå vurdering av læring og læringsutbyte er ein føremon
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjon for å søkja stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 15.07.2024
eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Antonella Zanna Munthe-Kaas (instituttleiar), epost Antonella.Zanna@uib.no, eller
Professor Sehoya Harris Cotner (director, STEM Education Research Center), epost: Sehoya.Cotner@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Magnus Larsen, Universitetet i Bergen, e-post: magnus.larsen@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.