LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat - Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 05.06.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1 er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved den fageininga stillinga er knytt til. Stillinga er delvis finansiert av midlar frå HKDIR og delvis frå Det medisinske fakultet.

Stillinga er knytt til prosjektet: Medstudentrettleing og -vurdering i ernæringspraksis.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

I dette prosjektet skal det utviklast ein modell for medstudentrettleiing for ernæringsstudentar i praksis i primærhelsetenesta. Formålet med prosjektet er å utvikle, prøve ut, evaluere og ta i bruk studentaktive læringsformer som legg til rette for bruk av medstudentrettleiiing i klinisk praksis. Søkjarar til stillinga skal i samråd med prosjektgruppa og rettleiarar utvikle forskingsspørsmål som samsvarar med måla for prosjektet. Stipendiaten vil bli knytt til ei forskingsgruppe ved Eining for læring eller K1.

Pliktarbeidet tilknytt stillinga vil ligge til Eining for læring.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i klinisk ernæring, helsefag eller pedagogikk med fokus på høgare utdanning, som hovudregel med karakteren B eller betre
  • søkjar må dokumentera god kjennskap til tema praksislæring og rettleiing i helsefagleg utdanning
  • det er ein føremon med god kjennskap til det fem-årige studieløpet som førar til autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog
  • i tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, eventuell forskingskompetanse og erfaring frå liknande prosjekt, gode samarbeidsevner samt evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
  • evne til å arbeide systematisk og sjølvstendig
  • god skriftleg og munnleg norsk og engelsk, sjå dokumentasjonskrav

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar.

For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning:

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 4 år. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 491 200 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56 for tida kr 507 600, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59 for tida kr 534 400
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • ei prosjektskisse på maks 3 sider for planlagt forsking knytt til prosjektet (teoretisk bakgrunn, forskingsspørsmål og forskingsdesign). Ein kan få tilgang til prosjektomtalen for HKDIR-prosjektet «Medstudentrettleing og -vurdering i ernæringspraksis» ved å kontakte hanne.rosendahl-riise@uib.no
  • karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
  • dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • eventuelle publikasjonar (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS