LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i utdanningsvitskap og IKT

Søknadsfrist: 13.12.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE), Universitetet i Bergen, er det ledig ei tverrfagleg stilling som stipendiat innan utdanningsvitskap og IKT. Stillinga er for ei periode på tre år utan pliktarbeid knytt til undervisning.

SLATE er eit tverrfagleg, nasjonalt senter for læringsvitskap som opna i januar 2016 og som særleg skal bidra til forskingsbasert kunnskapsutvikling, utviklingsarbeid og kunnskapsdeling knytt til bruk av data til å forstå læring, undervisning og kreative kunnskapsprosessar.

Stipendiatstillinga er knytt til forsking- og utviklingsprosjektet ILUKS – Innovative lærarstudentar: Undervisningsdesign for kreative kunnskapsprosessar og studentaktivitet. Prosjektet er finansiert av DIKU gjennom program for studentaktiv læring.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • PhD-prosjektet er retta mot temaet «studentaktive læringsformer i lærarutdanninga» og stipendiaten vil være ein del av forskings- og utviklingsprosjektet ILUKS.
  • ILUKS skal bidra til ein betre integrert lektorutdanning, undersøkjande undervisning og betre praksisopplæring for lærarstudentane ved å utvikle koplingar mellom teori og praksis gjennom studentaktive arbeidsmåtar. Lærarstudentane skal, både i praksisperiodane og som ferdig utdanna lærar, praktisere yrket i ein skule der LK 2020 (fagfornyelsen) ventar elevaktiv læring. Utdanninga må derfor forberede studentane på denne delen av skulen sin arbeidskvardag.
  • ILUKS skal utvikle digitale løysningar i form av ein kunnskapsbase og ein digital kommunikasjonsplattform for å støtte lærarstudentanes profesjonsutvikling og designe eit modulbasert fellesemne på tvers av lektorprogramma der lærarstudentane skal lære å designe elevaktiv undervisning som dei skal prøve ut i praksis.
  • Prosjektet skal evaluerast og dokumenterast ved hjelp av føljeforsking slik at data vil samlast inn undervegs i heile prosjektperioden. Det er venta at stipendiaten skal være ein sentral deltakar i føljeforskinga og bidra gjennom datainnsamling, analyser og formidling av resultat.
  • Stipendiaten vil vere del av eit tverrfagleg team på SLATE.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjer må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i utdanningsvitskap, pedagogikk, teknologi og læring, lærarutdanning/lektorprogrammet, eller andre relevante fagområde
  • Det er ønskeleg med kjennskap til lærarutdanning i Norge
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva, evt. som gjennomsnittskarakter for graden, ved opptak til forskarutdanninga
  • Søkjer må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, være påliteleg og ha gode samarbeidsevner
  • God framstillingsevne skriftleg og munnleg på engelsk og norsk (eller annet skandinavisk språk)
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på
  • Ambisjonar og potensial vil og telle ved vurdering av kandidatane samt kandidatens akademiske innstilling og motivasjon for å gjennomføre forskarutdanningsprogrammet

For stillinga gjeldt følgande:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling på 3 år. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av kvalifikasjonar til stillinga, vil du og bli vurdert i samsvar med krav for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet. Meir informasjon om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet finn du her.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 482 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev med ein kort beskriving av dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Ein kort prosjektbeskriving (ca 4 sider inkl. referansar) der du beskriver korleis du vil utforme og gjennomføre forskinga i dette prosjektet (f.eks. val av teori og metodar)
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ei av disse bør være hovedveileder fra masteroppgaven eller tilsvarende oppgave
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål frå bachelor- og mastergrad
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert oversetning til engelsk eller eit skandinavisk språk om originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på et av disse språka. Om du har NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning tatt i utlandet ber vi om at du legg dette ved.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskapeleg arbeid
  • Eventuelle publikasjonar

Vi gjer deg merksam på at søknader blir vurdert med den informasjon og dei vedlegga som er lasta opp i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må være på engelsk eller et skandinavisk språk, og eventuelle omsetting må vere attesterte. Det er søkjer sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er svært viktig at vedlegga som skal takast omsyn til i vurderinga blir lasta opp i sin heilheit som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga og ILUKS-prosjektet kan ein få ved å vende seg til:

  • Prosjektleiar, Kristin Børte (PhD), Centre for the Science of Learning and Technology (SLATE), Det psykologiske fakultet: Kristin.Borte@uib.no, mobil: +47 911 97 219

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS