Stipendiat i tektonikk, paleoklima og sedimentasjon
Søknadsfrist: 03.10.2024
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ph.d.-stipendiat i tektonikk, paleoklima og sedimentasjon
Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i tektonikk, paleoklima og sedimentasjon. Stillinga er for ein periode på tre år,med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til prosjektet “Paleocene-Early Eocene sedimentary systems in the northern North Sea and applications to reservoir characterization for subsurface CO2 storage”, eit multidisiplinært prosjekt som integrerar brønndata, seismikk og modellering for å forstå ‘source-to-sink’ koblingar i paleocen og tidleg eocen på norsk og britisk sokkel. Prosjektet er finansiert gjennom Akademiaavtalen mellom Universitetet i Bergen og Equinor, og er leia av Professor Rob Gawthorpe og Professor Ritske Huismans ved Universitetet i Bergen, og Dr. Tor Sømme ved Equinor.
Ønskjeleg starttidspunkt er tidleg 2025.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Prosjektet har hovudfokus på interaksjon mellom tektonikk, paleoklima og avsetjingssystem i sedimentære basseng ved bruk av 3D seismikk og brønndata frå norsk og britisk sokkel.
Forskinga er planlagt innretta mot:
Bruk av regionale seismiske datasett for tolking av geologisk rammeverk i og rundt Moray Firth området i paleocen og tidleg eocen. Prosjektet vil bruke dette rammeverket til å integrere seismisk facies, seismisk geomorfologi, kjernar og biostratigrafisk informasjon for å forstå utviklinga av avsetjingssystema.
Bruke numeriske landskapsmodellar for å teste forskjellige tektonisk prosessar og korleis dei påverkar avsetningssystema
Samhandling med geofagleg miljø i Equinor
Presentere resultat på internasjonale konferansar
Produsere skriftlege rapportar og publikasjonar i leiande internasjonale tidsskrift
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må hå oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geovitskap eller nærliggjande fagfelt som er relevante for prosjektet, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring med bassenganalyse og sedimentologi er eit krav.
Erfaring med tolking av 3D seismiske data og brønndata er eit krav, fortrinnsvis ved bruk av Petrel.
Erfaring med seismisk geomorfologisk tolking er ein føremon.
Erfaring med ArcGIS er ein føremon.
Erfaring med kvantitative modellering av landskapsprosessar og kvantitativ geovitskap er ein føremon.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med framifrå forskingsfasilitetar og infrastruktur
Samarbeid med internasjonale akademiske og industrielle institusjonar
Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rågjevar Mathilde Høgalmen, mathilde.hogalmen@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.