Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Postdoktorstilling
Ved Sosiologisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor innan sosiologi. Stillinga er for ein periode på tre år og knytt til prosjektet SALELITE.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Prosjektet undersøkjer politiske haldningar, sjølvforståingar, nettverk og formue til eigarar av norske laksebedrifter. Prosjektet består av tre arbeidspakkar. Postdoktoren skal i hovudsak bidra til arbeidspakke to, som omhandlar lakseeigarane og -leiarane sine forståingar av si eiga rolle i samfunnet, basert på individuelle og anonyme samtalar med dei. Prosjektet vil undersøkje korleis eigarane og leiarane i næringa vurderer sin eigen politiske og økonomiske innverknad i samfunnet, kva nettverk dei kjenner seg som ein del av, og korleis dei grunngjev sine politiske synspunkt. Prosjektet vil også undersøkje deira stadtilhøyring. I kva grad, og på kva måtar opplever dei å ha ei forankring i norske lokalsamfunn? I kva grad er det meir staduavhengige og transnasjonale orienteringar som dominerer? Det vil også vere mogleg for postdoktoren å bidra til arbeidspakke ein, om dei skattepolitiske haldningane og strategiane til lakseeigarane, og arbeidspakke tre, om økonomisk makt, sosiale nettverk, og familiære samband. I denne samanhengen vil det vere mogleg for postdoktoren å vidareutvikle metodiske ferdigheiter, til dømes ved å bidra til kvantitative analysar i arbeidspakke tre.Arbeidsoppgaver:
Organisering, gjennomføring og analyse av kvalitative intervju med eigarar av laksebedrifter.
Samarbeide med andre prosjektdeltakarar om datainnsamling, analyse og publikasjonar.
Hjelpe med å praktisk organisere prosjektmøter og delta i desse, til dømes for å legge fram eigne arbeid
Representere prosjektet på vitskaplege konferansar.
Utvikling og gjennomføring av eit eige forskingsprosjekt innanfor rammene for prosjektet, basert på data samla inn i prosjektet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor sosiologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring frå arbeid med kvalitative intervju og kvalitativ analyse.
Erfaring med å delta i vitskaplege samarbeid, til dømes gjennom deltaking på konferansar og i prosjektsamarbeid.
Det er ein fordel med dokumentert kunnskap om elitesosiologi og/eller politisk økonomi, særleg politisk-økonomiske tilnærmingar til å undersøkje bedriftseigarar sin politiske innverknad; dette kan komme til uttrykk til dømes gjennom relevante publikasjonar eller relevant utdanning (beståtte emne eller kurs).
Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Nytte engelsk skriftleg og munnleg.
Gode norskkunnskapar (nødvendig for å kunna intervjue norske eigarar).
Det er forventa at den som blir tilsett bor og arbeider i Bergen og deltek i fellesaktivitetar ved instituttet.
Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju og kan også verte bedne om å halde ei prøveforelesing over eit oppgitt emne. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på 4-5 sider skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet, og ein publiseringsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Eit budsjett for driftsutgifter må setjast opp.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Årsløn som postdoktor, stillingskode 1352, NOK 657 000 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
CV.
Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
Relevante attestar.
Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
Vitskapelig publikasjonar (inntil 5).
Prosjektskisse.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.Søknadsfrist: 24.11.2025. Søknaden skal merkast: 25/13113.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Katharina Sass, førsteamanuensis i sosiologi og prosjektleiar til SALELITE prosjektet, katharina.sass@uib.no. Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til: HR rådgiver Christine Bresil per epost: christine.bresil@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.