LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i statsvitenskap

Søknadsfrist: 15.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat i statsvitskap ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap (frå august 2022: Institutt for politikk og forvaltning). Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25% av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Instituttet har ein statsvitskapleg profil og legg vekt på studiar av offentleg politikk, organisering og administrasjon, demokrati og deltaking, politikkutforming og politiske institusjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Forskingsaktiviteten ved instituttet er organisert i forskargrupper. Søkjarar til stillingane blir rådde til å orientere seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i statsvitskap, offentleg forvaltning eller tilsvarande. Graden må vera avlagt innan fristen for søknaden. Masterstudentar kan søkje dersom masteroppgåva er levert til vurdering før søknadsfristen. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. Graden skal vera oppnådd seinast 1. oktober 2022.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
  • Betydelege ferdigheiter innanfor kvantitativ metode er ønskeleg.
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.
  • Gode kunnskapar i norsk eller eit annet skandinavisk språk vil vere eit føremon.
  • Søkjaren må ha gode kunnskapar i engelsk skriftleg og munnleg.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Ph.d.-prosjektet er sjølvstendig men bør vere innanfor eit relevant og aktuelt statsvitskapeleg tema, med ei klar problemstilling og avgrensa forskingsspørsmål. Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, rettleiing, administrasjon og formidling, etter avtale. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Det er forventa at den som mottar stillinga bor og arbeider i Bergen-området i prosjektperioden og deltar aktivt i felles aktivitetar på instituttet.

Om ph.d.-utdanninga:

Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Vi tilbyr:

  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Løn etter lønssteg 54 (st. kode 1017) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Om prosjektet:

Ei kortfatta prosjektskildring på maks 2500 ord (utanom litteraturliste) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet.

Prosjektskildringa vil vere ein del av vurderingsgrunnlaget, men kandidaten som vert tilsett er forventa å revidere prosjektskildringa innan 6 månader. Revidert prosjektskildringa vil vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Prosjektskildring på maks 2500 ord utanom litteraturliste.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert.
  • Relevante attestar.
  • Eventuelle publikasjonar.
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Om du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn statsvitskap, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd.

Søknad og vedlegg på norsk, eventuelt med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge ved å følgje lenke på denne sida merka «Søk stillinga».

Søknadsfristen er 15 august 2022.

Søknaden må merkast: 22/7843

Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – seniorkonsulent Hanne Cappelen, [email protected]

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar og PhD-koordinator: Hanne Gravermoen, [email protected]

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS