Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i romfysikk

Søknadsfrist: 01.06.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i romfysikk

Ved Birkelandsenteret for romfysikk (BCSS) ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i romfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. Stillinga er knytt til prosjektet “Unravelling the Drivers of Energetic Electron Precipitation – Revealing the Imprint of Space on Earth (DEEP - RISE)” finansiert av Noregs forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Birkelandsenteret for romforsking er organisert i to instrumentgrupper, ei formidlingsgruppe og tre forskingsgrupper.

  • Dynamics of the asymmetric geospace:When and why are the auroras in the two hemispheres asymmetric?What are the important temporal and spatial scales of geospace dynamics?
  • Particle Precipitation:What are the effects of particle precipitation on the atmospheric system?
  • Hard radiation from thunderstorms:What is the role of energetic particles from thunderstorms on geospace?

Stipendiaten vil vera ein del av forskingsgruppa som fokuserer på partikkelnedbør. Eit hovudfokus for denne gruppa er å forstå kjemiske og dynamiske effektar i den nøytrale atmosfæren forårsaka av energirik partikkelnedbør. Energirike elektron og proton, fanga i jordas magnetfelt, kan kollidera med gassane i atmosfæren. Kor djupt dei trenger ned i atmosfæren avheng av energien deira. Dei fleste partiklane vert stoppa over 100 km. Andre gongar, ved utbrot på sola eller når solvinden har stor fart, kan dei nå så djupt som 50 km over bakken. Kollisjonane innleiar ei rekkje kjemiske reaksjonar som aukar produksjonen av NOx og HOx gassar. Desse gassane kan i sin tur bryta ned ozon som er viktig for energibudsjettet i atmosfæren. Dersom ein endrar mengda ozon ved om lag 50 km, kan ein forandra temperatur og vindar i dette området.

Vi nyttar målingar basert på TED og MEPED detektorane om bord NOAA/POES og EUMESAT/MetOP satellittane for å studera nedbøren av elektron i atmosfæren med energi 1-750 keV. PhD-arbeidet vil fokusera på naturen til partikkelnedbøren forbunde med ulike solvinddrivarar med målsetjing om å utvikla ei parametrisering. PhD-arbeidet vil også vurdera korleis partikkelnedbør knytt til ulike solvinddrivarar påverkar atmosfæren ved hjelp ein klimamodell.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i romfysikk eller eit relatert fagfelt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.08.2020. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigna krav for stillinga:

  • Kandidaten må dokumentera kunnskap om og ha erfaring med minst eitt av dei følgjande tema:1) fysikken relatert til partikkelnedbør i atmosfæren2) kjemiske effektar av partikkelnedbør i den polare middlare atmosfæren (50-100 km)
  • Kandidaten må ha erfaring med data analyse ved bruk av vitskapleg programmering. Erfaring med MATLAB er ein føremon.
  • Erfaring med å arbeida med store datasett og statistisk analyse er ein føremon.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 01.08.2020).
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Forskar Hilde Nesse Tyssøy (e-post: hilde.nesse@uib.no) ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS