Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i psykologi og menneske-maskin-interaksjon for marine arbeidsplassar

Søknadsfrist: 09.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Universitetet i Bergen (UiB) er det ledig ei stilling som stipendiat i marin forsking innan psykologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år og er finansiert via UiBs strategiske forskingssatsing.

Stillinga vil vere innan prosjektet «Enhancing collaboration and shared understanding through implementation of AR features in bridge design». Prosjektet er del av UiB si strategiske satsing på marin forsking, og inneber eit tverrfakultært samarbeid.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Prosjektet vil undersøke korleis bruk av «augmented reality»-komponenter (AR, eller «utvidet virkelighet») kan bidra til bedre kommunikasjon og samarbeid på skipsbruer og i maritime operasjonar.
  • I tillegg freistar prosjektet å skape interaktive AR-prototypar for bruk i marine omgivnadar.

Arbeidsoppgåver:

  • Den tilsette skal samarbeide med aktørar i næringsliv og offentleg sektor for å kartlegge korleis AR kan brukast i samarbeid for å løyse marine oppgåver, og å danne referansepunkt for korleis ulik bruk av AR kan leda til at samarbeidspartnarar har samstemte mentale modellar.
  • Det skal gjennomførast feltobservasjonar av samarbeid i marint arbeid, bruk av dagens løysingar, og gjerast greie for korleis dette kan utbetrast med ulike typar AR-løysingar.
  • Det skal gjennomførast lab-studiar der AR-element simulerast i «virtual reality» (VR, virtuell verkelegheit) for å måle effekt på kor godt laget løyser sine oppgåver.
  • Vidare skal det gjerast felttesting av implementering av AR-løysingar i reelle miljø der effekten på samarbeid og oppgåveutføring skal målast.
  • Det er forventa at den som vert tilsett deltar på lab-utveksling til Ocean Industries Concept Lab i Oslo over fleire veker. Det kan også vere aktuelt med utveksling til t2i Lab ved Chalmers Universitet i Gøteborg.
  • Den tilsette skal skrive og publisere vitskaplege artiklar.
  • Den tilsette skal formidle funn frå analysane gjennom vitskaplege og populærvitskaplege artiklar, og andre former for forskingsformidling .
  • Den tilsette skal sjølv styre prosjektet og oppretthalde kontakt med dei ulike forskings- og næringslivspartnerane i prosjektet.
  • Den tilsette skal bruke kunnskap og erfaring frå prosjektet til utvikling av nye forskingsprosjekt og datainnsamlingar.
  • Den tilsette skal ta på seg undervisingsoppgåver ved UiB i emne knytt til marin forsking og stipendiatprosjektet.

Stipendiaten vil ha sin arbeidsplass i Bergen, ved Institutt for samfunnspsykologi. Den som vert tilsett vil bli knytt til forskingsgruppa Operativ psykologi, UiB, med førsteamanuensis Bjørn Sætrevik som hovudrettleiar. I arbeidet vil det bli samarbeida med Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB, med Morten Fjeld som bi-rettleiar, og med Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, med Kjetil Nordby som bi-rettleiar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må på søknadstidspunktet ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i psykologi, kognitiv vitskap, interaksjonsdesign/HCI, informatikkinteraksjonsdesign, informatikk eller andre relevante fagområde.
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga.
  • Det er ein fordel om søkjar har gode ferdigheiter i ein eller fleire av desse områda: sosial- og kognitiv psykologi, menneske-maskin interaksjon, programmering, skapa virtuelle miljøer (dvs. bruk av spillmotorar).
  • Det er ein fordel om søkjar har erfaring frå praktisk arbeid som er relevant for prosjektet.
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner innanfor ein kompleks forskingskvardag.
  • Søkjar må ha gode skriftlege og munnlege kunnskapar i engelsk.
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeld følgande:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også verte vurdert iht krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet.

Nærare om forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet her.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 / LR20, alternativ 10) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning)
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjarar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå dei nordiske landa kan bli automatisk godkjent, sjå NOKUT.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar eller masteroppgåve

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS