Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Dette er Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem kampus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritime studier.HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar ved Avdeling for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring, campus Førde
Vår dyktige samfunnskontakt ved HVL Førde går våren 2026 av med pensjon, og vi søkjar erstattar for han i Avdeling for samfunnskontakt.
Avdelinga skal bidra til at HVL er ei synleg og attraktiv institusjon og samarbeidspartnar regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Avdelinga skal vere pådriver for å vidareutvikle eksternt samarbeid, styrke HVL si posisjon som ein relevant kunnskaps- og kompetanseaktør og legge til rette for innovasjon og utvikling gjennom god samhandling med samfunns- og arbeidsliv. Avdelinga har og ansvar for kurs og arrangement og administrativt ansvar for HVL si satsing på studentinnovasjon.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og vi arbeider no mot eit mål om å bli det nye Universitetet på Vestlandet. Eit universitet med ei profesjons- og arbeidslivsretta profil. Som del av dette arbeidet arbeider vi systematisk med å vidareutvikle støttesystem/verktøy for samhandling internt og eksternt.
Vi søkjer ei/ein seniorrådgjevar som er strukturert og løysingsorientert. Den føretrekte kandidaten er i stand til å arbeide sjølvstendig ved HVL Førde, men har og gode samarbeidsevner – både i møte med menneske og på digitale flater. Rolla som samfunnskontakt krev at ein evnar å knytte kontaktar og bygge relasjonar både internt i HVL og eksternt.
Seniorrådgjevaren inngår i team for samfunnskontakt og rapporterer til avdelingsleiar i Avdeling for samfunnskontakt - underlagt prorektor for regional utvikling.
Arbeidsstad: HVL Førde
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Koordinering av HVL sitt samarbeid med arbeids- og samfunnsliv, inkl. systematisering og oppfølging eksternt og internt
Nettverksarbeid, særleg i Sogn og Fjordane-regionen
Arbeid med politikk som vedkjem HVL, inkl. politikar- og myndigheitskontakt og arbeid med politiske plan- og styringsdokument
Utgreiingar, analyser og saksførebuing innan aktuelle område
Leiarstøtte
Ta del i arbeidet med tverrgåande satsingar som campusutvikling, alumni mm.
Vidareutvikle støttetenester overfor HVL-leiinga og leiing i fakulteta
Arbeide for realisering av mål i overordna strategi, og følgje opp mål knytt til aktuelle styringsparametere
Prosjektleiaransvar og ansvar for utviklingsprosjekt må påreknast
Noko reiseaktivitet må påreknast, særleg i Sogn og Fjordane regionen.
Medarbeidaren vil jobbe i team/faggruppe med samfunnskontaktar ved andre HVL-campus.
Vekting av ansvar/arbeidsoppgåvar kan tilpassast kandidaten sin kompetanse.
Kvalifikasjonskrav:
Formelle krav:
Høgare utdanning, helst mastergrad
Erfaring frå arbeidslivet – relevant for ansvar/oppgåver i utlyst stilling
God kjennskap til høgare utdanning og høgskulen sitt samfunnsoppdrag
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, eventuelt anna skandinavisk språk, og engelsk
Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:
God kjennskap til utdannings- og forskingspolitikk
Erfaring frå prosjektutvikling og prosjektleiing
Erfaring frå politikk, samfunnsliv og/eller frivillig sektor
Administrativ erfaring og spesialkompetanse tilpassa funksjonane i stillinga
Nettverk blant viktige samarbeidspartnarar for Høgskulen på Vestlandet, særleg i Sogn og Fjordane-regionen.
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer etter ei/ein seniorrådgjevar som er strukturert og løysingsorientert. Den føretrekte kandidaten er i stand til å arbeide sjølvstendig ved HVL Førde, men har og gode samarbeidsevner – både i møte med menneske og på digitale flater. Det vil også vere oppgåver knytt til samfunnskontakt i heile Sogn og Fjordane regionen, og på HVL sine campus. Rolla som samfunnskontakt krev at ein evnar å knytte kontaktar og bygge relasjonar både internt i HVL og eksternt.
HVL/Ingvild F. Melien
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som samfunnskontakt er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1364 - seniorrådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.