Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i psykologi og helsefremjande arbeid

Søknadsfrist: 16.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stilling som stipendiat innan psykologi/helsefremmende arbeid. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til NFR-prosjektet «Social inequality in adolescent mental health in a life course perspective» (LONGTRENDS). Målet med prosjektet er å bidra til ei større forståing av sosiale ulikskapar i psykisk helse i eit livsløpsperspektiv

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

LONGTRENDS

  • Prosjektet vil kartlegge samfunnstrendar i psykisk helse blant ungdom med ulike sosioøkonomiske bakgrunnar, og undersøkje kva for rolle faktorar som sosial støtte, familiestruktur, kjønn, og større livshendingar og overgongar spelar i samanhengen mellom sosioøkonomisk status og psykisk helse.
  • I tillegg freistar prosjektet å utvikle meir presise metodar for å måle ungdom sin sosioøkonomiske status.
  • Prosjektet nyttar data frå fire ulike nasjonale og internasjonale studier saman med registerdata på utdanning og husholdningsøkonomi for å setje lys på problemstillingar knytt til psykisk helse i eit livsløpsperspektiv.
  • Prosjektet er organisert i delprosjekt (arbeidspakkar) der kvar del vil ha sitt særskilde fokus for å svare på den overordna problemstillinga.

Arbeidspakke 3

  • Stipendiatstillinga er knytta til arbeidspakke 3: “Mental health and social inequality; National and Nordic trends; Measurement quality and validity”.
  • Arbeidspakke 3 brukar data frå HBSC (Health Behaviour in school-aged children) studien.
  • Problemstillingane i arbeidspakken er mellom anna:
    • Kan vi måle sosioøkonomisk status blant ungdom over tid på ein valid og reliabel måte?
    • Har sosial ulikheit i ungdom si psykiske helse endra seg i løpet av dei siste 20-30 åra?
    • Er det mogleg å konstruere ein ny sosioøkonomisk indikator som kan samanlikne ulikheit i psykisk helse på tvers av dei nordiske landa?

ArbeidsoppgåverI samarbeid med andre forskarar i prosjektet, vil stipendiaten sine arbeidsoppgåver vere

  • Analyse av krysseksjonelle data fra HBSC studien
  • Skrive og publisere vitskaplege artiklar
  • Formidle funn frå analysane gjennom vitskaplege og populærvitskaplege artiklar og andre former for forskingsformidling
  • Samarbeide med nasjonale og internasjonale prosjektpartnarar
  • Bidra i administrering av prosjektet, prosjektmøte og -samlingar
  • Bruke kunnskap og erfaring frå prosjektet til utvikling av nye forskingsprosjekt og datainnsamlingar

Stipendiaten vil ha sin arbeidsplass i Bergen, ved Institutt for samfunnspsykologi.

Den som vert tilsett vil bli knytt til forskningsgruppene Psykisk folkehelse (ISP) og SIPA (HEMIL). Hovudrettleiar blir professor Torbjørn Torsheim.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må på søknadstidpunktet ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i psykologi, helsefremjande arbeid eller andre relevante fagområde
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga
  • Det er ein fordel om søkjar har gode ferdigheiter i statistiske analyser
  • Det er ein fordel om søkjar har erfaring frå praktisk arbeid som er relevant for studien
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner innanfor ein kompleks forskingskvardag
  • Søkjar må ha gode skriftlege og munnlege kunnskapar i engelsk
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjoner og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatene.

For stillinga gjeldt følgande:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling på 3 år. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Søkjarar kan ikkje ha ein doktorgrad/ph.d. frå før.

Om forskarutdanninga:Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også verte vurdert iht krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet.

Nærare om forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet her.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 / LR20, alternativ 10) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning)
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjarar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå dei nordiske landa kan bli automatisk godkjent, sjå NOKUT.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS