LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i nanofysikk

Søknadsfrist: 15.07.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i nanofysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i nanofysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er relatert til ERC Starting Grant prosjekt «smartGROW» som har som hovudmål å utvikle ny teknologi for å gro filmar av diamant på komplekse 3D objekt slik som medisinske implantat, fleksibel elektronikk, optiske og mekaniske komponentar for luftfart og marin industri. I prosjektet skal det bli utvikla eit nytt overflatebølgje plasma-system for kjemisk damp deponering (CVD). Dette vil bli gjort ved numeriske modellering, og fabrikkert ved bruk av avanserte teknikkar som 3D metall printing. PhD-stillinga vil omhandle å utvikle modellar for metamaterial-baserte bølgeledarar, fraktale apparaturar og overflate-bølgje plasma. Stipendiaten vil få mogelegheita til å være involvert i design og optimalisering av CVD systemer ved bruk av såkalla djupe nevrale nettverk. Design og evaluering av mikrobølgje komponentar ved bruk av djupe generative nettverk og numeriske simuleringar av elektromagnetiske felt og overflatebølgje hydrogenplasma vil vere ein viktig del av prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk, matematikk eller nanovitskap, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Masterstudentar kan søkja gitt at dei fullfører master eksamen innan 01.08.2023. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det er eit krav at søkjar har erfaring med numeriske simuleringar og programvare slik som Matlab, Python etc.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Erfaring frå ein eller fleire av følgjande område er ein fordel:

  • djupe nevrale nettverk
  • simulering av elektromagnetiske felt
  • simulering av dielektriske materialar eller plasmamodellering

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.Om forskarutdanningaSom ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS