Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i marin fjordøkologi

Søknadsfrist: 03.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for Biovitenskap (BIO) er det ledig ei stilling som stipendiat i marin fjordøkologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til Faggruppe Fiskeri- og marinbiologi og forsking på effektar av hypoksi (tap av oksygen) på fisk i fjordøkosystem. Stillinga er finansiert av Norges Forskningsråd i eit større prosjektet som har samarbeid med internasjonale partnarar: «Hypoxia effects on fish in west Norwegian fjords: harnessing the power of multidisciplinary studies (HypOnFjordFish)» og er ein av tre rekrutteringsstillingar som er knytt til prosjektet.

Prosjektet har som mål å forstå kva som skjer i fiskepopulasjonar og faunaen når oksygenmengda i det marine miljøet minkar. Oksygen er nøkkelelement i metabolske prosessar, og hypoksi ventast å redusere vekst og kondisjon, og/eller endre åtferd og vandringsmønster til marine organismar.

Tap av oksygen i det marine miljø, og korleis dette er kopla med oseanografiske prosessar og påverkar biologiske prosessar, kan studerast i norske fjordar. BIO har ei årrekkje hatt tokt med forskingsfartøy til fjordar med ulik grad av hypoksi og har samla inn ei stor mengd prøvar og data, inkludert prøvar frå mesopelagisk fauna og bunnfauna. Tema for PhDprosjektet må vere innafor rammene til prosjektet HypOnFjordFish, og kan omhandla fysiologi hos mesopelagisk fisk ved eksperimentelt arbeid, vekst hos mesopelagisk fisk med utgangspunkt i feltdata, eller tema innan fiskesamfunn og respons på hypoksia ved bruk av feltdata. Stipendiaten skal planlegge eige doktorgradsarbeid, samt ta del i ytterlegare innsamling av forskingsmateriale gjennom feltarbeid og/eller eksperimentelt arbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i marinbiologi, fiskeribiologi, fiskefysiologi eller marin økologi eller tilsvarande fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det er eit krav at søkjaren har praktisk erfaring med fisk gjennom feltarbeid eller eksperimentelt arbeid.
  • Det er ei føremon å ha erfaring frå feltarbeid i kyst- og/eller fjordområde og med organisering og analyse av økologiske feltdata.
  • Det er ei føremon å ha erfaring frå arbeid med otolittar og vekst hos fisk.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Det er ei føremon å ha gode norskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar):

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisknaturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • søkjaren oppmodast til å inkludere ei skisse til forskingsprosjekt som inneheld eigne tankar og idear til potensielle forskingsspørsmål.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV (Det oppmodast å legge ved ein CV (pdf-fil) og laste denne opp som eit vedlegg).
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Anne Gro Vea Salvanes, Institutt for Biovitenskap, tel. 55584487, Anne.Salvanes@uib.no og som er
  • Prosjektleiar, eller Faggruppeleiar professor Arild Folkvord, tel. 55584456, Arild.Folkvord@uib.no som er arbeidspakkeleiar for vekststudiar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS