Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i kunstig intelligens for berekraftig bruk av fiskeressursar

Søknadsfrist: 30.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen (UiB) er det ledig ei stilling som stipendiat. Stillinga er finansiert via UiBs strategiske forskingssatsing og er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast på instituttet.

Stillinga vil vere innan prosjektet «Kunstig intelligens for berekraftig bruk av fiskeressursar». Prosjektet er del av UiB si strategiske satsing på marin forsking, og inneber eit tverr-fakultært samarbeid.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet vil undersøke korleis bruk av kunstig intelligens og maskinlæring kan nyttast på forvaltningsdata og biologiske data om fiskeressursar for å støtte berekraftig fiske. I tillegg vil prosjektet utvikle prototypar for avgjerdsstøtte basert på kunstig intelligens og evaluere dei i samspel med brukarar i Fiskeridirektoratet.

  • Den tilsette skal undersøkje korleis kunstig intelligens og maskinlæring kan nyttast til å analysere reelle fiskeridata. Dette inneber å gjere seg kjent med slike data, legge dei til rette for maskinlæring og andre analyser og utnytte kunstig intelligens-teknikkar i analysen.
  • Det skal utviklast algoritmar og programvare som analyserer fiskeridata og vert nytta i ein prototype for avgjerdsstøtte. Dette skal skje i samspel med aktørar frå Fiskeridirektoratet og andre potensielle brukarar i forvaltning og fiskeribransjen.
  • Det skal gjennomførst evalueringar av løysingane i høve til deira evne til presise analysar, men og i høve til praktisk bruksverdi.
  • Den tilsette skal skrive og publisere vitskaplege artiklar om arbeidet i samarbeid med rettleiarane.
  • Den tilsette skal formidle funn frå analysane gjennom populærvitskaplege artiklar eller andre former for forskingsformidling.
  • Den tilsette skal bidra til styring av prosjektet i samarbeid med rettleiarane, og oppretthalde kontakt med dei ulike forvaltnings- og næringslivspartnarane i prosjektet.

Stipendiaten vil ha sin arbeidsplass i Bergen, ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Den som vert tilsett vil bli medlem av forskingsgruppa Intelligente Informasjonssystemer (I2S) med professor Bjørnar Tessem som hovudrettleiar. Prosjektet inneber og tilknyting med forskingsgruppa for berekraftig fiske (Sustainable Fisheries Group) ved Institutt for Biovitskap, ved UiB, med førsteamanuensis Katja Enberg som bi-rettleiar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må på søknadstidspunktet ha oppnådd mastergrad eller levert masteroppgåve i informasjonsvitskap, informatikk eller tilsvarande, til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga.
  • Vi ønskjer søkjarar har gode ferdigheiter i desse områda: maskinlæring, kunstig intelligens, systemutvikling og programmering.
  • Det er ein fordel om søkjar har biologi i fagkretsen frå utdanninga.
  • Det er ein fordel om søkjar har erfaring frå praktisk arbeid som er relevant for prosjektet.
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner innanfor ein kompleks forskingskvardag.
  • Søkjar må ha gode skriftlege og munnlege kunnskapar i engelsk.
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Om du tidligare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også verte vurdert iht krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet ved UiB.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 / LR20, alternativ 10) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga og korleis dette passar saman med utdanninga til søkjaren.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning)
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjarar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Nokre utdanningar frå dei nordiske landa kan bli automatisk godkjent, sjå NOKUT.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar eller masteroppgåve

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Søknadsfrist: 30.09.2020.

Søknaden må merkast: 20/8891.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – konsulent Bodil Hægland, e-post: bodil.hagland@uib.no.

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar Hanne.Gravermoen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS