LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i kulturvitskap

Søknadsfrist: 15.05.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i kulturvitskap – knytt til Senter for bærekraftig arealbruk (CeSAM)

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er det ledig ei 3-årig stipendiatstilling knytt til Senter for bærekraftig arealbruk (CeSAM). CeSAM er eit UiB-initiativ for å støtte berekraftig arealbruk og -forvaltning på land og i havet. CeSAM sitt utgangspunkt er at det menneskelege miljøavtrykket og vår tileigning av ressursane på jorda overstig berekraftige grenser, og at vi må erkjenne at land, sjølve området, er ein grunnleggjande og avgrensa ressurs, men og at vi ikkje kan skilje eller isolere natur frå menneske. Stipendiaten vil altså få moglegheit til å delta i både eit kulturvitskapeleg fagmiljø og i eit tverrfagleg forskingsmiljø rundt tema som berekraft og naturmangfald.

Formålet med stillinga er å utføre ei oppfølgingsstudie til den kulturvitskapelege (etnologiske) forskinga som vart gjort under det såkalla Lindåsprosjektet på 1970-talet. Denne forskinga handla om landskapsforståing og landskapsbruk gjennom eit fokus på sambandet mellom utnytting av naturressursar, arbeidsliv og samfunnsutvikling på Strilelandet gjennom 1900-talet, sjå Lindåsprosjektet 1971-76.

Stipendiaten skal arbeide med eit prosjekt som skal belyse endringar i jordbruk, landskap og livsformer i eit kystlandskap gjennom dei siste 120 åra. Søkjaren skal utvikle eigne forskingsspørsmål knyta til utnytting av landskap, naturressursar og berekraftig utvikling. Analysen bør vere i dialog med perspektiv frå dei ulike CeSAM-partnarane, sjå her for meir info. Det er forventa at stipendiaten skal ta i bruk eksisterande kulturhistorisk kjeldemateriale frå Lindåsprosjektet, samt samle inn nytt materiale som kan belyse dei historiske endringane frå 1970-talet til i dag.

Om stipendiatstillinga:

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til en ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 3 år.

Søkjaren er forventa å skrive ei ph.d.-avhandling som skal være ei oppfølgingsstudie til den kulturvitskapelege forskinga frå Lindåsprosjektet.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje. Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett, tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, og rettar seg etter dei retningslinene som til en kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år,

som mellom anna inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og ein midtvegsevaluering halvvegs i stipendiatperioda. Trykk her for meir informasjon om innhaldet i Ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultetet. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarens masteroppgåve må ha et omfang på minimum 30 studiepoeng (ECTS).
  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad i kulturvitskap (inkludert etnologi og folkloristikk), kulturhistorie, museologi og kulturarv, historie, sosialantropologi, samfunnsgeografi, miljøhumaniora eller andre relevante fagområde. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjaren må ha gode norskkunnskapar.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjektomtala, kor gjennomførleg det planlagde Ph.d.-prosjektet er, kva relevans prosjektomtala har til tematikken i utlysinga og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjaren.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane blir det lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Søkjarar vil også bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 490 800 brutto.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev på maks. ei side som seier noko om kvifor ein har vald å søke stillinga
  • Prosjektsomtale (inntil 5 sider/12.000 teikn, ikkje medrekna litteraturliste) som skisserer eit planlagt avhandlingsprosjekt. Den skal mellom anna innehalde forskingsspørsmål, refleksjonar om materiale og metode og ei framdriftsplan. Prosjektomtala skal vidare gjere greie for korleis prosjektet passer inn i høve til CeSAM, Prosjektskissa bør også innehalde refleksjonar over metodikk, gjennomføring og materiale, og må inkludere litteraturliste.
  • CV
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil 3 sider)
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word eller PDF-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Søkjarar kan også kontakte instituttleiar Teemu Ryymin, [email protected], tlf. 55 58 38 79 for generell informasjon.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Nærare om utforming av søknad her.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: [email protected].

UiB-ID: 22/2356

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS