LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i informatikk (optimering)

Søknadsfrist: 21.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i informatikk (optimering)

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i optimering. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til prosjektet Ocean Charger finansiert av NFR og norske industriverksemder. Stillinga er avhengig av at finansiering frå prosjektet tildelast som planlagt.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon, visualisering og didaktikk. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av densentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 1000 studentar, og 150 tilsette frå over 30 land, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 50 stipendiatar. Vi har nyleg etablert Center for Data Science (CEDAS) og Computational Biology Unit (CBU) som viktige utvidingar av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Noreg står framfor ei stor satsing på havvind og fleire store vindparkar skal byggjast ut på norsk kontinentalsokkel. Både for utbygging og drift trengs det ein stor flåte spesialtilpassa skip og maritime system av ulike kategoriar. I løpet av dei komande åra må slike fartøy redusere utslepp og etter kvart drivast utsleppsfritt. Ocean Charger har som mål å gi vesentlege og konkrete bidrag til optimale val av maritime komponentar i systemet, og til best mogeleg gjennomføring av utbygging og drift. Prosjektet skal utvikle tekniske løysingar for energioverføring til batteridrivne skip, slik at fartøya kan ladast ute på havvindparkane.

Optimeringsgruppa ved Institutt for informatikk på Universitetet i Bergen (UiB) er ein aktiv partnar på Ocean Charger, og har hovudansvaret for delprosjektet Smarte maritime operasjoner for havvind. Her skal det utviklast modellar og løysingsmetodar for kostnadseffektiv drift og vedlikehald av havvindparkar, der målet er optimal tildeling av batteridrivne fartøy til planlagde vedlikehaldsoperasjonar og fartøya sine seilingsruter. Det skal vidare utviklast metodar for å optimere infrastrukturen som fartøya nyttar, slik som kapasitet og plassering av batteriladepunkt.

Stipendiaten vil saman med forskarar på UiB utvikla modellar (f.eks. basert på lineær programmering eller heiltasprogrammering) og løysingsmetodar (f.eks. metaheuristikkar) for det aktuelle problemområdet. Forskingsarbeida skal publiserast i internasjonale tidsskrift og på internasjonale konferansar. Metodikken som blir utvikla skal utprøvast på realistiske industridata, og oppnådde resultat skal presenterast for industripartnarar på Ocean Charger.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i optimering, operasjonsanalyse, eller eit nærliggjande fagområde. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører endeleg mastereksamen før 1. august 2023. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå studiane eller yrkeslivet med modellering av praktiske optimeringsproblem er eit krav.
  • Erfaring frå studiane eller yrkeslivet med effektive løysingsmetodar for praktiske optimeringsproblem er eit krav.
  • Erfaring med relevant industrisamarbeid er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Gode norskkunnskapar er ein føremon.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Dersom kandidaten har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal kandidaten delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at kandidaten fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 501 200 brutto (for stipendiatstillingar er det vanleg å lyse ut med kun eit lønstrinn). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Søkjarar som enno ikkje har fullført mastergraden din, må sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 1. august 2023.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at krava til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet) er oppfylte
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Dag Haugland, Institutt for informatikk, dag.haugland@uib.no, eller
  • Førsteamanuensis Ahmad Hemmati, Institutt for informatikk, ahmad.hemmati@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner/menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS