LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i informatikk – kryptologi

Søknadsfrist: 18.02.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. 

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i informatikk – kryptologi

Ved Institutt for informatikk er det ei ledig stilling som stipendiat i informatikk - kryptologi. Stillinga er for ein åremålsperiode tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen. Den som vert tilsett må kunne starte i stillinga seinast innan 30. september 2024.

Om arbeidsmiljø og arbeidsoppgåver

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Alle stipendiatar ved instituttet vert medlem av forskarskulen vår i IKT som gjev moglegheit å treffe stipendiatar på tvers av forskingsretningane. Skulen har årlege samlingar, månadlege lunsjar og tilbod om kurs innan vitskapeleg skriving og søknadsskriving.

Arbeidsplass for desse stillingane vil vera hos Selmersenteret, forskingsgruppa for sikker kommunikasjon. Selmersenteret er ei internasjonalt leiende IKT-forskingsgruppe innan sekvensdesign, kodeteori, kryptologi, informasjonssikkerheit og Boolske funksjonar.

Potensielle oppgåver knytt til nokre tema kan vere:

  • Design og analyse av symmetriske chiffer, kryptografiske hashfunksjonar og andre relaterte primitivar
  • Konstruksjon og analyse av optimale kryptografiske funksjonar og relaterte strukturar

Arbeidsplass for desse stillingane vil vera hos Selmersenteret, forskingsgruppa for sikker kommunikasjon. Selmersenteret er ei internasjonalt leiende IKT-forskingsgruppe innan sekvensdesign, kodeteori, kryptologi, informasjonssikkerheit, Boolske funksjonar og kvanteinformasjonsteori.

Potensielle oppgåver knytt til nokre tema kan vere:

  • Statistisk og algebraisk kryptoanalyse av moderne blokkchiffer og flytchiffer (stream ciphers)
  • Kryptoanalyse av lattice-baserte postkvantekryptografiske protokollar
  • Konstruksjon av optimale kryptografiske funksjonar og relaterte strukturar
  • Design og analyse av symmetriske chiffer, kryptografiske hashfunksjonar og andre relaterte primitivar
  • Design og analyse av feilrettingskodar og kodebaserte kryptografiske ordningar

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk, informatikk, eller andre relaterte fagfelt eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan 01.03.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med programmering er eit krav.
  • Grunnleggande forståing av diskret matematikk og lineær algebra er eit krav.
  • Grunnleggande forståing av kryptografiske metodar og protokollar, feilrettingskodar, Boolske funksjonar eller andre relaterte felt er eit krav.
  • Erfaring med programmeringsspråket C eller Magma er ein føremon.
  • Erfaring med kryptografi, finite field teori, abstrakt algebra er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeida sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga:

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. 

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 25.05.2024.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Ved HR-relaterte spørsmål, kontakt Karoline Christiansen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS