LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i informatikk – energi informatikk, optimering og datavitskap

Søknadsfrist: 31.05.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i informatikk – energi informatikk, optimering og datavitskap

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som stipendiat i informatikk - energi informatikk til prosjektet “Bærekraftig Multimodal Transportplanlegging i Smartbyar”.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Vi bygger i tillegg opp en gruppe innan informatikk fagdidaktikk. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 900 studentar, 150 tilsette, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 70 stipendiatar. Vi har etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Vi ser etter ein utmerka kandidat som har eit sterkt ynskje om å bidra til framifrå forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsplass for denne stillinga vil vere hos forskingsgruppa for optimering, som forskar og underviser i operasjonsanalyse og datavitskap. Dei siste åra har forsyningskjeda og logistikk observert ei auking i bekymringar for energibruk, klimagassutslepp, avfall og miljøomsyn. Prosjektet «Bærekraftig Multimodal Transportplanlegging i Smartbyar» tar for seg sentrale utfordringar i klima- og energiomstilling – korleis oppnår vi meir effektive transportsystema, reduserer utslepp og andre kostnader på samfunnet og forbedrar arealbruken?

Den framtidige tilstanden til transportsystema i smartbyar, der all informasjon er kopla saman og delt, krev at ein drar nytte av innovative løysingar som intelligent og integrert multimodal transportflåte (f.eks. ved bruk av autonome elektriske lastebilar, lasteskip, tog, fly og dronar) nye løysingar som omhandlar multimodale data (f.eks. dataanalyse, maskinlæring og AI) for å fremje effektiv bruk av ressursar og plass og for å ha sosialt akseptable, miljømessig og økonomisk berekraftige transportsystema for langsiktig ytelse.

Til denne stillinga ser vi etter ein glimrande kandidat, som har røynsle i dataanalyse, modellering og utvikling av heuristikkar for å løyse verkelege optimeringsproblema i t.d. logistikk, transport, eller energiindustri.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.08.2022. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Forskingserfaring i matematisk modellering, og i bruk av heuristikkar og eksakte optimeringsmetodar til å løyse verkelege problem er eit krav.
  • Søkjaren må ha utmerka programmeringsevnar.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 31.08.2022.
  • Relevante attestar
  • Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan 31.05.2022.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader ta kontakt med Lene Sørheim

Ansettelse er underlagt godkjenning i henhold til loven om eksportkontroll.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS