Stipendiat i KI-etikk med fokus på menneske-KI-konstellasjonar ved AI LEARN
Søknadsfrist: 29.09.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Stipendiat
Vi ønsker deg velkommen som søker til ein ledig stilling som stipendiat i KI-etikk med fokus på menneske–KI-konstellasjonar ved SLATE, Det psykologiske fakultet. Stillinga er ein åremålsstilling på tre år, knytt til AI LEARN-senteret, og er finansiert av Norges forskningsråd.
Om AI LEARN
AI LEARN er eit nytt nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek vårt senter for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærer saman. Vårt mål er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eit konsortium beståande av 34 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og privat sektor.
Seks nasjonale forskingssenter for kunstig intelligens startar opp hausten 2025. Her skal forskarar samarbeide på tvers av fagfelt for å møte utfordringane i samfunnet, forstå korleis KI påverkar oss, utvikle ny teknologi og fremme innovasjon i både næringsliv og offentleg sektor. Sentra er ein del av og finansiert av regjeringa si milliardsatsing på kunstig intelligens dei neste fem åra (regjeringen.no) gjennom Forskningsrådet.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Om prosjektet
Stillinga er knytt til senterklynga Governance, Ethics & Regulation og gir moglegheit til å bidra til med forsking i skjeringspunktet mellom rekonfigurasjonar, praksisar, nettverk og/eller samarbeid mellom menneske og teknologi og utforskar ulike menneske–KI-konstellasjonar med fokus på demokratisk deltaking, etikk og menneskerar.
Ph.d.-rettleiar vil være postdoktor Anja Salzmann, Universitetet i Bergen (UiB) og medrettleiar Prof. Wayne Holmes ved University College London, UCL.
Arbeidsstaden er Bergen, Norge.
Arbeidsoppgåver
Undersøke og utforske etiske problemstillingar (for eks. sosial rettferd, menneskeverd “human dignity”, menneskeleg handlingsrom , “human agency)” eller menneskeleg utvikling (“human flourishing”) i samanheng eller kontekst av politiske, økonomiske, sosiale, kulturelle eller miljømessige rammer, verkingar og konsekvensar av KI, inkludert, men ikkje begrensa til, generativ KI i ulike læringskontekster, for eksempel grunnskole og videregåande opplæring, uformelle/formelle læringskontekster, yrkesopplæring eller vidareutdanning.
Gjennomføre kvalitativ empirisk forsking forankra i relevant teori for å bidra til å utvikle etiske rammer som kan informere politikk og kompetanseheving i vidareutdanning, yrkesopplæring, læreplanutvikling og også pedagogikk i spesifikke læringskontekster.
Delta aktivt i aktivitetane til AI LEARN og bidra til senterets faglege og sosiale liv
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må:
ha relevant mastergrad innan eit eller fleire av følgande fagfelt: samfunnsvitskap, utdanningsvitskap/pedagogikk, vitskaps- og teknologistudiar (STS) filosofi eller andre relevante fagfelt på søknadstidspunktet
kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
ha svært gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
Det er en fordel dersom du:
har dokumentert interesse for etiske problemstillingar knytt til KI i læringskontekster
Det er normalt eit krav om karakteren B eller betre på masteroppgåva, evt. som gjennomsnittskarakter for graden, for opptak til ph.d.-programmet ved fakultetet. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Ambisjonar og potensial vil også bli vurdert i evalueringa av kandidatane.
For stillinga gjeld følgande:
Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 3 år og stillinga er knytt til AI LEARN sitt Cluster for Ethics, Governance and Regulation. Du kan ikkje tidlegare ha vore tilsett i ein åremålsperiode som stipendiat ved Universitetet i Bergen, og kan heller ikkje ha ein doktorgrad/ph.d. frå før.
Om ph.d.-utdanninga Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet.
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Brutto årsløn som stipendiat (kode 1017) kr 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. Dersom du har spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
Prosjektbeskrivinga skal presentere tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Den skal også innehalde ein framdriftsplan for dei ulike delane av prosjektet. Kandidatar som blir kaldt inn til intervju, vil bli bedt om å presentere prosjektbeskrivinga si.
Bekreftelse på at du har vore i kontakt med ph.d.-rettleiar
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
Karakterutskrifter og vitnemål frå høgare utdanning
Dersom du har utanlandsk utdanning må du leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
Viktig: Dersom du har utanlandsk utdanning må du i tillegg legge ved HK-dir si generelle godkjenning av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå utvalde land er automatisk godkjent. Sjekk denne sida for kva utdanningar det gjeld: Automatisk godkjenning – et raskere alternativ | HK-dir (hkdir.no). Dersom dette gjeld deg, må du laste ned godkjenninga og legge den ved søknaden.
Liste over eventuelle vitskapelege arbeider (publikasjonsliste)
Eventuelle publikasjonar i ditt namn som du ønsker skal inngå i vurderinga av søknaden
Relevante attestar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)