LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i informatikk – berekningsorientert biologi og maskinlæring

Søknadsfrist: 07.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i informatikk – berekningsorientert biologi og maskinlæring

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som stipendiat i informatikk – berekningsorientert biologi og maskinlæring

Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år.

Stillinga er knytt til prosjektet «Intelligente datasystem for personleg og presis risikoprognose og diagnose av ikkje-smittsame sjukdommer» (INTRePID), finansiert av Forskingsrådet.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Vi bygger i tillegg opp en gruppe innen informatikk fagdidaktikk. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 900 studentar, 150 tilsette, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 70 stipendiatar.Vi har etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning. Instituttet huser også Computational Biology Unit (CBU), kvar vår forskingsgruppe i bioinformatikk er ein del av.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsplass for denne stillinga vil vere ved CBU si gruppe for bioinformatikk og maskinlæring, leia av Professor Tom Michoel.

INTRePID prosjektet skal utvikle intelligente datasystem for personleg og presis risikoprognose, og diagnose av ikkje-smittsame sjukdommar frå multi-omics-data, ved å utvikle, implementere og validere nye algoritmar for strukturlæring og inferens i storskala kausal Bayesian genetiske nettverk. Dette prosjektet vil ha prioritert tilgang til ein unik ressurs med multi-omics data frå fire nordiske land, generert av prosjektpartnerane for ein proof-of-concept applikasjon innan kardiovaskulær medisin.

Den som vert tilsett vil utvikle og nytte modellar og algoritmar for årsaksslutning, læring av grafrepresentasjon og inferens i bayesianske nettverk. Eit stort budsjett vil vere tilgjengeleg for å gjennomføre opplæring i grensesnittet mellom maskinlæring og presisjonsmedisin, reise til prosjektpartnarar og deltaking i internasjonale konferansar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk, informatikk, maskinlæring, teoretisk fysikk, eller relatert disiplin. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 10.12.2021. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.)
  • Erfaring frå maskinlæring er eit krav.
  • Erfaring med programmering i minst eitt programmeringsspråk (Python, C, C++, Java) er eit krav.
  • Erfaring med å analysere data i eit numerisk databehandlingsmiljø (Python, Matlab, R) er eit krav.
  • Erfaring med å analysere omics data er ein føremon.
  • Erfaring med analyse av store nettverk er ein føremon.
  • Erfaring med årsaksslutning er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er tre år, med høve til eit fjerde år. Den som vert tilsett for fire år vil i tillegg til å jobbe mot ein ph.d.-grad, ha oppgåver retta mot undervisning, formidling og rekruttering i 25% av tida si. Tilsetjing i fire år avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 10.12.2021.
  • Relevante attestar
  • Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan 07.10.2021..

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Lene Sørheim

Ansettelse er underlagt godkjenning i henhold til loven om eksportkontroll

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS