LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i fysisk oseanografi

Søknadsfrist: 17.10.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat i fysisk oseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er også knytt til Bjerknessenteret for klimaforsking.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Ph.D.-prosjektet vil retta søkjelyset mot vassmassetransformasjon nær den marginale iskanten i dei nordiske hav, med særleg fokus på Østgrønlandsstraumen. Dei siste tiåra har det vore ein redusering i utbreiinga av sjøis, noko som har ført til at Østgrønlandsstraumen i aukande grad er isfri om vinteren. Dette har igjen ført til at det er eit betydeleg varmetap frå havet til atmosfæren. Vi har ein hypotese om at djupvassdanning i dette området vil få stadig større betydning for omveltinga i dei nordiske hav og kan tilmed vere med på å motverke ei svekking av Atlanterhavets omveltingssirkulasjon i eit varmare klima.

Ph.D.-kandidaten vil ha hovudfokus på vilkåra som legg til rette for vassmassetransformasjon i eller nær Østgrønlandsstraumen, kartlegge kvar og når desse vilkåra blir oppfylte, og setje dagens tilstand av djupvassdanning i Østgrønlandsstraumen inn i historiske og framtidige samanhengar. Desse måla vil i hovudsak bli nådd gjennom analyse av eksisterande og nye observasjonar, i tillegg til idealiserte numeriske simuleringar. Observasjonane består av målingar av hastigheit og hydrografi frå måleriggar og skip, samt hydrografiske profilar frå autonome glidarar og målebøyer. Prosessane av interesse inkluderer konveksjon, kantstraumdynamikk, hav-is-atmosfære vekselverknadar og havet sin respons på atmosfærisk pådrag.

Det blir forventa at Ph.D.-kandidaten deltar på forskingstokt til Islands- og Grønlandshava, som vil vare i 3–4 veker om sommaren i 2024 og 2026, og om vinteren i 2025. Vidare vil kandidaten vere opptil 6 månader på forskingsopphald hos internasjonale samarbeidspartnarar ved Woods Hole Oceanographic Institution i USA og/eller Alfred Wegener instituttet i Tyskland. Vi søkjer no etter ein engasjert og høgt kvalifisert stipendiat som blir del av vår samarbeidsorienterte prosjektgruppe. Stillinga er finansiert av prosjektet ROVER (finansiert av ERC-Consolidator Grant). Som stipendiat i oseanografigruppa ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen vil du også vere knytt til Bjerknessenteret. Bjerknessenteret er Nordens største naturvitskaplege forskingssenteret på klima og har eit breitt internasjonalt miljø med over 200 forskarar frå 37 land.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk, fysikk, anvendt matematikk eller eit anna relevant felt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 15.12.2023. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Ei djup forståing av fysiske prosessar i havet ved høge breiddegrader, samt gode ferdigheiter innan matematikk og programmering (Matlab og Python er fordelaktige) er eit krav.
  • Erfaring med dataprosessering og -analyse, oseanografisk feltarbeid og idealisert numerisk modellering er monalege føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Å kunna kommunisera på eit skandinavisk språk er ein føremon.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som Ph.D.-kandidat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein Ph.D.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til Ph.D.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til Ph.D.- graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til Ph.D.-studiet ved Universitet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 15.12.2023.
  • kortfatta samandrag av masteroppgåva
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt pr. post til enkeltpersonar, vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Kjetil Våge (kjetil.vage@uib.no)

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Maria Svåsand (maria.svasand@uib.no).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS