Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i eksperimentell partikkelfysikk

Søknadsfrist: 27.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i eksperimentell partikkelfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som stipendiat i eksperimentell partikkelfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. Stillinga er knytt til et prosjekt finansiert av GRIEG-programmet "Understanding the Early Universe: interplay of theory and collider experiments" i samarbeid med gruppa for teoretisk fysikk ved Universitetet i Warszawa. Arbeidsplassen vil vere i Bergen, med moglegheiter for reiser til CERN og Universitetet i Warszawa.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Dette prosjektet vil gjennomførast som ein del av gruppa for eksperimentell partikkelfysikk sin deltaking i ATLAS eksperimentet ved CERNs LHC (Large Hadron Collider). Dette eksperimentet, som er eit samarbeid mellom fleire tusen fysikarar frå heile verda, samlar data frå kollisjonar mellom proton ved svært høy energi. Forskingsgruppa i Bergen har lang erfaring i å utføre målingar som forbetrar kunnskapen om kjente partiklar og prosessar slik dei er skildra i Standardmodellen for elementærpartiklane, samt leite etter nye partiklar og fenomen som til dømes kan forklare eksistensen av Mørk Materie. Formålet med stipendet er å bidra til formuleringa av ein teori som inneheld meir enn Standardmodellen slik at den bidrar til vår forståing av det tidlege univers.

Bergensgruppa søkjer etter nye partiklar i henfall som inneheld tau-leptoner, eller som blir produsert saman med eit Higgs-boson, som henfell til to tau-leptoner. Dette doktorgradsprosjektet vil føre vidare dette arbeidet og konsentrere seg om Higgshenfallet til to tau-leptoner i meir detalj, i det dette henfallet gjer mogleg unike studiar av f.eks. Higgs-partikkelen sine CP-eigenskapar. Studiane vil gjerast i nært samarbeid med teorigruppa i Warszawa.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i subatomær fysikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå analyse av data frå eit kjerne- eller partikkelfysikkeksperiment er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Gode norskkunnskapar er ein føremon.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): Samla stipendperiode er 3 år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • Relevante attestar
  • Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Anna Lipniacka (Anna.Lipniacka@uib.no) eller
  • Professor Bjarne Stugu (Bjarne.Stugu@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS