LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i demokrati og mediebruk

Søknadsfrist: 17.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Vil du bidra til betre innsikt i korleis folk koplar seg til samfunnet gjennom og utanom media? Er du klar for å gå i djupna og forske på ei gruppe av borgarar sitt politiske engasjement? Då ønskjer vi deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat i prosjektet “Distributed and prepared. A new theory of citizens’ public connection networks in the age of datafication” (PREPARE).

Prosjektet er finansiert av Det europeiske forskningsrådet, og leia av professor Hallvard Moe. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 prosent av samla tilsetjingstid er knytt til undervisning, formidling eller anna pliktarbeid, og 75 prosent av tida til å forske og skrive avhandling.

PREPARE analyserer verknaden algoritmestyrte media og eit datafisert kvardagsliv har på borgaranes moglegheiter til politisk engasjement. Prosjektet skal staka ut ein ny kurs for forsking på borgaranes rolle i demokratiet, og utvikla normativ teori om folks orientering mot politikk og samfunnsliv. PREPARE sine forskingsspørsmål handlar om korleis folk er førebudd på å engasjera seg, og kva ressursar dei treng for det engasjementet. Målet er å utpensla ein ny teori gjennom bruk av etnografi og digitale metodar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stipendiaten skal utføre feltarbeid med kvalitative og digitale metodar for å forstå korleis ei gruppe borgarar koplar seg til offentlegheita. Relevante grupper kan til dømes vere unge andregenerasjonsinnvandrarar, eldre i bygdesamfunn, eller kvinner i prekære jobbar. Dette er døme på grupper som andre undersøkingar har peika ut som fråkopla, men PREPARE skal i staden undersøkje kvardagen og mediebruken deira. Relevante tema er mellom anna datafisering, digitale media i kvardagslivet, og rolla til sosiale media for politisk informasjon, og teoriar som handlar om borgaranes rolle i demokratiet.

Du vil få arbeide i ei dynamisk og inkluderande gruppe, som del av PREPARE-prosjektet og Mediebruksgruppa ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, som utgjer eit stimulerande miljø for unge forskarar.

Stipendiaten er forventa å utvikle eit forskingsprosjekt som oppfyller krava til doktorgrad, i samråd med prosjektleiar, i ei tidleg fase av stipendiatperioden. I søknaden forventast søkarar å legge ved ei kort skisse til eit mogleg prosjekt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad eller tilsvarande innan medievitskap, antropologi, sosiologi, statsvitskap, digital kultur eller liknande fag. Graden må vera avlagt innan fristen for søknaden.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
  • Røynsle med metodar nødvendig for å utføre forskingsprosjektet, til dømes intervju eller deltakande observasjon. Røynsle med digitale metodar er ein føremon.
  • Kunnskap i norsk eller skandinavisk språk er eit krav. God kompetanse i skriftleg og munnleg engelsk er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagd. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendiatperiode er 4 år, , kor 25 prosent av samla tilsetjingstid er knytt til undervisning, formidling eller anna pliktarbeid, og 75 prosent av tida til å forske og skrive avhandling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om ph.d.-utdanninga:

Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Vi tilbyr:

  • Løn for tida kr 501 200,- (kode 1017, lønssteg 54) i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Kortfatta prosjektskildring (om lag 5 sider)
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Prosjektskildring:

Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 17 april 2023.

Søknaden må merkast: 23/3888

Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prosjektleiar Professor Hallvard Moe (hallvard.moe@uib.no)

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR seniorkonsulent Pernille Hole (pernille.hole@uib.no)

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar: Hanne.Gravermoen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS