LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i berekningsorientert matematikk

Søknadsfrist: 01.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d. stipendiat i berekningsorientert matematikk. Stillinga er knytt til det nyleg etablerte VISTA Senter for modellering av kopla undergrunnsdynamikk/VISTA Center for Modeling of Coupled Subsurface Dynamics (VISTA CSD). VISTA er eit grunnleggande forskingsprogram finansiert av Equinor og gjennomført i nært samarbeid med Det Norske Videnskaps-Akademi.

Senteret vil involvere om lag 40 personar, inkludert fast vitskapeleg tilsette, forskarar, postdoktorar og ph.d.-studentar. Masterstudentar vil og verte involvert i senteraktivitetar.

Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, der totalt eit år består av pliktarbeid relatert til VISTA CSD (til dømes undervisning, kommunikasjonsarbeid eller administrative oppgåver). Stillinga er ei av tre ph.d.-stillingar i VISTA CSD som no er lyst ut.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Produksjon av hydrokarbon, geotermisk energi og grunnvatn, lagring av energi i undergrunnen og deponering av CO2 og avløpsvatn innebere massiv produksjon og/eller injeksjon av fluid. Dette påverkar termisk, hydraulisk, mekanisk og kjemisk (THMC) tilstand i djupet, noko som resulterer i sterkt kopla THMC-prosessar. Dei siste åra har overflatemanifestasjonane av menneskeleg væskeinjeksjon og produksjon vorte stadig tydelegare.

For å forbetre ingeniøroperasjonar og unngå uakseptabel miljøpåverknad, er det behov for å forstå korleis fluidinjeksjon og -produksjon mekanisk påverkar den geologiske formasjonen og forårsakar deformasjon av porøse bergartar, så vel som gliding, opning og forplanting av spekkar og forkastingar. Desse prosessane kan studerast ved ein kombinasjon av dataanalyse og matematisk modellering og simulering.

VISTA CSD sitt hovudmål er å utvikle grunnleggande kunnskap og utdanne neste generasjon forskarar til å forstå korleis injeksjon og produksjon av fluid i undergrunnen resulterer i deformasjon, reaktivering av sprekkar og oppsprekking. Senteret rettar seg mot kritiske og grunnleggande forskingsspørsmål ved matematisk og numerisk modellering og dataanalyse.

Ph.d.-studenten vil utvikle, implementere og analysere effektive og pålitelege løsere for strømning i deformerbare porøse medium. Dette vil involvere å løyse to kopla partielle differensiallikningar, ein hyperbolsk og ein parabolsk. Ein programvarepakke basert på endelege differansar vil verte brukt. Den resulterande koda skal testast og kalibrerast basert på geofysiske metodar i samarbeid med Institutt for geovitskap.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i berekningsorientert matematikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 30. september 2021. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå diskretiseringsmetodar for partielle differensiallikningar og gode programmeringsferdigheitar er eit krav.
  • Ekspertise innan simulering av strømning i porøse medium, endelege element, numerisk analyse, bølgjelikning eller berekningsorientert mekanikk er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 30.09.2021.
  • relevante attestar/referansar.
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar i namnet ditt

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Florin Adrian Radu, Matematisk institutt, Universitetet i Bergen, e- post: [email protected]

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS