Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Stipendiat i topologisk dataanalyse
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i topologisk dataanalyse. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning ved instituttet). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen (UiB) som eit bidrag til Lie-Størmer-senteret. Stillinga er knytt til arbeidspakken WP4 – Topology, Algebra, and Geometry for Complex Data Analysis ved senteret.
Lie-Størmer-senteret er eit samarbeid mellom UiT Noregs arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Bergen (UiB). Senteret vil tilsetje ph.d.-stipendiatar som skal forske på samspelet mellom algebra, differensialgeometri, analyse og berekningsorientert matematikk og på bruk av desse fagområda innan datavitskap og berekningsorientert dynamikk. Du kan lese meir om prosjektet på nettsida til Lie-Størmer-senteret.
Ved Lie-Størmer-senteret legg vi til rette for dialog gjennom forskingssamarbeid, den internasjonale forskarskulen Mathesis og ein sterk kultur for vitskapleg utveksling og formidling.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Ph.d.-prosjektet er ein del av WP4 – Topology, Algebra, and Geometry for Complex Data Analysis ved Lie-Størmer-senteret. Det skal utvikle matematiske og berekningsorienterte metodar innan topologisk dataanalyse, med særleg vekt på multiparameterpersistens og bruk på medisinske data. Prosjektet skal kombinere teoretisk arbeid med multiparameterpersistens med utvikling og implementering av algoritmar for medisinsk bileteanalyse.
Den som blir tilsett, skal undersøkje berekningskompleksitet, stabilitet og numeriske samandrag av multiparameterpersistens og bruk av metodane innan medisinsk bileteanalyse. Stipendiaten skal òg delta aktivt i forskingsmiljøet ved Lie-Størmer-senteret og forskarskulen Mathesis.
Lie-Størmer-senteret skal byggje bruer mellom rein og berekningsorientert matematikk, mellom matematiske fagmiljø i Tromsø, Bergen og resten av Noreg og mellom forsking og utdanning i ERCOM-nettverket av europeiske matematiske forskingssenter.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den avsluttande mastereksamenen innan 31. desember 2026. Det er ein føresetnad for tilsetjing at mastergraden er oppnådd.
Bakgrunn i algebraisk topologi og topologisk dataanalyse er eit krav.
Erfaring med vitskapleg programmering eller algoritmeutvikling er ein fordel.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 593 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava og ei forklaring på korleis du oppfyller kvart kriterium. Du bør òg gjere greie for dei kvalifikasjonane som er nemnde som ein fordel, sidan desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere rettleiaren for masteroppgåva.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden, må du leggje ved ei stadfesting frå institusjonen din på den forventa datoen for fullføring. Mastergraden må dokumenterast med karakterutskrift og/eller vitnemål før tilsetjinga tek til.
eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
professor Morten Brun, Matematisk institutt, Universitetet i Bergen, +47 971 09 798, morten.brun@uib.no
professor Erlend Grong, Matematisk institutt, Universitetet i Bergen, +47 402 16 876, erlend.grong@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)