LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat (4 år) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 02.12.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat (4 år)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Stillinga er knytt til Bergen Centre for Ethics and Priority Setting (BCEPS; https://www.uib.no/en/bceps), og er finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Universitetet i Bergen inviterer høgt kvalifiserte kandidatar til å søke på ei ph.d.-stilling gjennom BCEPS ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
  • BCEPS ønsker å bygge vitskapeleg og teknisk kapasitet innan helseprioriteringar i låg- og mellominntektsland ved å bruke etablerte metodar for helseprioriteringar og applisere disse på konkrete prioriteringsutfordringar (til dømes ved revidering av nasjonale helsepakkar) i samarbeid med lokale partnarar.
  • BCEPS er eit internasjonalt leiande forskingssenter innan etikk og helseprioriteringar, særleg innanfor fordelingssensitive metodar og kapasitetsbygging innanfor helseprioriteringar i lav inntektsland.
  • Dette ph.d. prosjektet vil fokusere på å revidere og evaluere effekten av den nasjonale grunnleggande helsepakken til Zanzibar ved å bruke fleire metodar. Det forventast eit høgt nivå av praktisk involvering i avgjerdsprosessar med eit bredt spekter av interessentar i dette prosjektet.
  • Det vert forventa at den som vert tilsett opphalder seg på Zanzibar i lengre periodar i løpet av prosjektperioden

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Naudsynte kvalifikasjonar.

Søkaren må:

  • ha fullført mastergrad i samfunnsmedisin eller tilsvarande
  • ha erfaring med anvend helseprioriteringsarbeid i låg-inntektsland
  • ha erfaring med anvend forsking på Zanzibar
  • kunne arbeide sjølvstendig på ein strukturert måte og ha gode samarbeidsevner
  • ha god skriftleg og munnleg engelsk og swahili

Kvalifikasjonar som vil telle positivt:

  • erfaring frå forskingsprosjekt med konkrete oppgåver som planlegging, gjennomføring og / eller analyse av nasjonale prioriteringsprosjekt
  • erfaring med policy innanfor området ikkje-smittsame sjukdommar (til dømes kreft, hjartesjukdom, diabetes, psykiatri og rus)

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar:

http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet

For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning:

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på

3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkjetilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 482 200 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56 for tida kr 498 800, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59 for tida kr 526 000.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.
  • dokumentasjon på engelsk-kunnskapar http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • eventuelle publikasjonar (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS