Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat (3 stillingar) i informatikk
Ved Institutt for informatikk er det ledig tre stillingar som stipendiat i informatikk. Stillingane er for ein åremålsperiode på fire år.
Om instituttet
Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. I tillegg har vi ei gruppe innan informatikk fagdidaktikk og Center for Data Science (CEDAS) som er ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Grunna den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 900 studentar og 150 tilsette, deriblant 34 førsteamanuensar og professorar.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Alle stipendiatar ved instituttet vert medlem av forskarskulen vår i IKT som gjev moglegheit å treffe stipendiatar på tvers av forskingsretningane. Skulen har årlege samlingar, månadlege lunsjar og tilbod om kurs innan vitskapeleg skriving og søknadsskriving.
I tillegg til å arbeide mot å oppnå PhD-graden i løpet av tilsetjingsperioden, vil du bidra innan undervisning, formidling og andre oppgåver for instituttet i 25% av arbeidstida di.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk, matematikk, fysikk eller eit anna relevant fag. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar mastergraden innan 31.08.2022. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Du må kunne vise til bakgrunn, interesse og evne til forsking innan ei eller fleire av retningane: algoritmar, bioinformatikk, data science, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon (kryptografi), visualisering eller informatikk fagdidaktikk.
Gode programmeringskunnskapar er ein føremon.
Gode engelskkunnskapar skriftleg og munnleg er et krav.
Erfaring frå undervisning eller undervisningsassistanse er ein føremon, spesielt undervisning av programmeringsemne.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på, mellom anna evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, gode samarbeidsevner og gode kommunikasjons- og formidlingsevner.
Ambisjonar og potensial vil telje ved vurdering av kandidatane, like eins interesse og entusiasme for undervisning og formidling.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga:
Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er oppgåver retta mot undervisning, kommunikasjon, formidling og studentrekruttering. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga:
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år (75% i 4 år). Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. Utgreiinga må innehalde informasjon om korleis dine interesser og bakgrunn passar til ei eller fleire av instituttet sine forskingsgrupper.
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, sender du ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter seinast innan 31.08.2022
For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Lene Sørheim.
Ansettelse er underlagt godkjenning i henhold til loven om eksportkontroll.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.