LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat (3 år) - Institutt for klinisk odontologi

Søknadsfrist: 27.05.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat (3 år)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet «Let`s make bone – 3D printing as a tool for bone regeneration». Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga tilhøyrar prosjekta som er retta mot utvikling av bioblekk som kan brukast i beinvevsnydanning. Hovudmålet med prosjektet er å konstruere eit 3D-trykt kompositt stillas som kan innehalde bioprinta stamceller som bioblekk for funksjonell beinregenerering.

Spesifikke mål er:

  • Bruke 3D Printing Technology (3DP Technology) for å produsere implanterbare stillas med optimal samansetning og geometri for beinregenerering.
  • Bruke 3D BioPrint (3DBP) metodar for å etterlikne strukturell og cellulær samansetning av bein.
  • Undersøkje om 3DP-3DBP hybridstrukturar kan brukast for å lette beinregenerering ved å kombinere fordeler frå begge teknologiane, det vil seie mekanisk styrke til 3DP-stillas og cellulær organisering og bioaktivitet levert av 3DBP.
  • Samanlikne resultat in vitro, ex vivo og in vivo for generering av pålitelege metodar for å studere beinregenerering og føreseie stillaset sin oppførsel.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i odontologi eller medisin.
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil vere positivt og vil verte tilgodesett.
  • Søkjar med bakgrunn i polymer syntese og stamcellekulturar er svært ønskeleg.
  • I tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, eventuell forskingskompetanse og erfaring frå liknande prosjekt.
  • God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav
  • Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Sjå krav om engelsk-kunnskapar.

For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning:

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 491 200 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56 for tida kr 507 600, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59 for tida kr 534 400
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Søkarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
  • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • Eventuelle publikasjonar (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Kamal Mustafa, e-post: kamal.mustafa@uib.no, tlf.: +47 55 58 60 97

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS