LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat (3 år) i systemteknikk eller informatikk ved Senter for sammensatte sykdommer og aldring

Søknadsfrist: 10.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Stipendiat (3 år) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei åremålsstilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er del av det nye Senter for sammensatte sykdommer og aldring (CC.AGE), finansiert av Trond Mohn stiftelse. CC.AGE er ein del av Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS), leia av professor Bettina S. Husebø. SEFAS har 15 tilsette og veks raskt med fleire nye forskarstillingar. SEFAS har kontor ved Alrek helseklynge i Bergen, og har fokus på innovasjon, tverrprofesjonell samarbeid, brukarinvolvering og samarbeid med industripartnarar. CC.AGE har tett samarbeid med Institutt for informatikk, Universitetet i Bergen (UiB); Senter for ernæring, Klinisk institutt 1, UiB; og Bergen senter for etikk og prioriteringer i helse (BCEPS), UiB. 

CC.AGE startar formelt i februar 2024, med mål om å støtte eldre vaksne i å bo trygt og uavhengig heime, ved å utforske og utvikle relevant teknologi. Denne stipendiatstillinga er nært knytt til eit aktivt forskingsnettverk med erfaring og kompetanse frå komplekse helseintervensjonar hos heimebuande eldre vaksne, og personar med komplekse tilstandar, inkludert demens og Parkinsons sjukdom. Prosjektet forventast å gje resultat av høg klinisk relevans som kvalifiserer for publisering i internasjonale anerkjente fagfellevurderte vitskaplege tidsskrift. SEFAS legg til rette for vitskapleg karrierebygging med eit langsiktig perspektiv.

Les meir her.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Kandidaten skal bidra til å sette opp prosedyrane for datainnsamling med sensor-einingar, støtte datahandteringsprosessen, og kandidaten vil utføre analysar av kvantitative data frå sensorar med hjelp av signal-prosessering, modellering, dynamiske system og/eller kunstig intelligens
  • Kandidaten skal jobbe tverrfagleg og designe nye digitale biomarkørar for å spore helsestatus og livskvalitet til eldre vaksne med komplekse sjukdommar. Ein serie "state-of-the-art" algoritmar og modeller er estimert til å verte produsert gjennom denne oppgåva, som har potensial til å vere banebrytande forsking på dette feltet
  • Kandidaten vil bidra til å utvikle ei digital plattform som del av prosjektet, gjennom å etablere krav, design, algoritmar og andre oppgåver som trengs. Utviklinga skjer i samarbeid med Youwell
  • Kandidaten vil bidra til gjennomføring av studien saman med resten av prosjektgruppa som vil bestå av kliniske forskarar, ingeniørar, stipendiatar og statistikarar

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i informatikk, systemteknikk, kybernetikk, anvendt matematikk eller anna relevant grad på same nivå, og søkjar må i tillegg ha ei spesialisering i bioinformatikk, maskinlæring/kunstig intelligens, simulering/visualisering, dynamiske system eller signalprosessering/informatikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • I tillegg vil det telje positivt om kandidaten har erfaring frå helseteknologi, analyse og prosessering av store datasett, signalprosessering eller programmering vil verte vektlagt (relevante program inkluderer Matlab, R, og/eller Python)
  • Erfaring med eldreomsorg eller forsking relatert til dette er ein føremon, men er ikkje avgjerande
  • God skriftleg og munnleg norsk er ein føremon
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • All dokumentasjon må lastast opp før søknadsfristen

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå her for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med skandinavisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Noreg er unntatt kravet om HK-dir -vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB.Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar.

Forskarutdanning (Ph.d.-programmet):

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 540.500,- (kode 1017, lønssteg 55) i det statlege lønnsregulativet. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100 (kode 1017, lønssteg 57). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400 (kode 107, lønssteg 59) 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Søkarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå her for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
  • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • Eventuelle publikasjonar (i PDF-format)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS