Stipendiat (2 stillingar) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS)
Søknadsfrist: 05.07.2020
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat (2 stillingar)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig to stillingar som stipendiat (100 %). Stillingane er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.
Stillingane er knytt til prosjektet "DRONE - Drug RepurpOsing for NEurological diseases», finansiert av UiB og NFR. Målsetjinga med prosjektet er utvikling av nye og effektive behandlingar av dei nevrologiske sjukdommane Parkinsons sjukdom (PD), multippel sklerose (MS), amyotrofisk lateral sklerose (ALS) og Alzheimers sjukdom (AD). Vi vil bruka såkalla «big data» analyse av data frå norske helseregister inkludert Reseptregisteret for å identifisera medisinar og mekanismar som kan gje kandidatar til ny behandling for sjukdommane. Desse kandidatane vil bli validerte i eksperimentelle studiar i samarbeid med forskarar ved basal-forskingsmiljø ved Harvard University i Boston, USA. Prosjektet er òg ein del av NFR-satsinga på behandling av nevrologisk sjukdom, NeuroSysMed (Forskingssenter for Klinisk Behandling) ved UiB og Haukeland Universitetssjukehus. Dei to stillingane er knytte til studiar av Parkinsons sjukdom og multippel sklerose.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Bruk av til dels avansert statistiske metodar, analyse av store datamengder, gjennomgang av relevant litteratur og publisering av vitskaplege artiklar
Deltaking og presentasjon av resultata ved nasjonale og internasjonale vitskaplege konferansar, og i samarbeid med brukarrepresentantar bidra til formidling av resultata på relevante arenaer
Prosjektet vert gjennomført i samarbeid med forskingsmiljø i Boston, USA, og ein må rekna med noko opphald ved desse forskingsmiljøa
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i medisin, farmasi eller andre helsefag, statistikk eller bioinformatikk
Det er ønskjeleg at søkjar har kunnskap om epidemiologisk forskingsmetode og erfaring med statistisk analyse av data, særleg registerbaserte kohortstudiar
I tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, eventuell forskingskompetanse og erfaring frå liknande prosjekt, gode samarbeidsevner samt evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav
Det er også ønskjeleg at søkjar har grunnleggande norskkunnskapar
Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre oppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling:
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi tilbyr:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 479 600 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
søkarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
eventuelle publikasjonar (pdf)
to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Professor Trond Riise (trond.riise@uib.no, 91856572),
Førsteamanuensis Jannicke Igland (jannicke.igland@uib.no, 55 58 85 28) eller
Professor Anne Kjersti Daltveit (anne.daltveit@uib.no, 55 58 85 29
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.