Ph.d.- Stipendiat i elementflukser i hydrotermale system på arkeisk havbotn
Søknadsfrist: 31.01.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ph.d.-stipendiat i elementflukser i hydrotermale system på arkeisk havbotn
Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i elementflukser i hydrotermale system på arkeisk havbotn. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning).
Stillinga er finansiert av EU og knytt til Horizon Europe Marie Skłodowska-Curie Action - Doctoral Network FluxBEATS som integrerer geologiske observasjonar, banebrytande geokjemiske og biogeokjemiske analysar, data og modellering, frå moderne vulkanske system langs midthavryggar og spreiingssenter, til krittidas ofiolitter og prekambriske magmatiske suitar med tilhøyrande hydrotermale system.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Interaksjonar mellom væske og bergart i undergrunnen i moderne hydrotermiske system på havbotnen fører til kjemisk modifisering av havvatnet, slik at det blir danna væsker som gir kjemisk energi og næringsstoff til dei mikrobielle samfunna som lever i varme kjelder. Stabile isotop-analysar tyder på at hydrotermale kjelder i arkeikum spelte ei liknande rolle for tidleg mikrobielt liv, og nokre av dei eldste bevisa på mikrobiell svovelsyklus er funnen i samband med hydrotermale avsetningar av chert-baritt. Sjøvasskjemien i arkeikum var likevel heilt annleis enn i dag, og verknaden av denne spesielle sjøvasskjemien på hydrotermale reaksjonar i undergrunnen og mobilisering av element som er essensielle for liv, er framleis lite utforska.
Denne doktorgradsstillinga er dedikert til å auke forståinga vår av konsekvensane av arkeisk sjøvasskjemi på undergrunnsreaksjonar og geokjemiske flukser i arkeiske hydrotermiske system på havbotnen, spesielt lågtemperatursystem med bevis for tidleg mikrobiell aktivitet. Prosjektet vil fokusere på prøver og borekjerner frå Barberton Greenstone Belt i Sør-Afrika og Eswatini, og vil kombinere geokjemiske analysar med stabile isotopanalysar og petrografisk arbeid. Arbeidet med naturlege prøver vil bli supplert med geokjemisk modellering for å vurdere korleis kjemien i det arkeiske havvatnet påverkar reaksjonar og væskesamansetningar i undergrunnen.
Kandidaten vil bli rettleidd av eit internasjonalt team av forskarar frå Noreg (Universitetet i Bergen), Finland (GTK, Universitetet i Helsingfors) og Tyskland (Universitetet i Bremen), med hovuddelen av arbeidet vert utført ved Universitetet i Bergen og rettleidd av Dr. Desiree Roerdink (hovudvrettleiar). Feltarbeid og forskingsopphald i utlandet bør forventast.
Søkjaren som blir vald ut til prosjektet, er forventa å starta 1. mai 2025.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geovitskap eller tilhøyrande felt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.04.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Bakgrunn og forskingsinteresse innan uorganisk geokjemi er eit krav.
Erfaring med relevante analysemetodar innan uorganisk geokjemi er ein føremon.
Erfaring med geologisk feltarbeid er ein føremon.
Erfaring med geokjemisk modellering er ein føremon.
Eksisterande fagfellevurderte publikasjonar er ein føremon.
Søkjarar må kunne jobbe sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må vere motiverte for mobilitet og ha høve til å flytte til Noreg innan tilsetjingstidspunktet.
Søkjarar må beherske engelsk både skriftleg og munnleg i vitskapelege miljø (presentasjonar, publikasjonar).
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Mobilitetetsregel: Søkjarane må ikkje ha budd eller hatt hovudaktiviteten sin (til dømes studiar, arbeid eller forsking) i landet der stillinga er basert i meir enn 12 månader dei siste tre åra før utlysingstidspunktet.
Søkjaren må ikkje allereie ha ei doktorgrad når rekrutteringa startar.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 540 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
eit søknadsskjema med personopplysningar og kontaktinformasjon (bruk malen på FluxBEATS sine nettsider).
eit følgjebrev med ei kort forklaring for forskingsinteressene og motivasjonen til søkjaren for å søkja stillinga (bruk malen på FluxBEATS sine nettsider).
ein kvalifikasjons- og mobilitetserklæring, der du stadfestar at du oppfyller kvalifikasjons- og mobilitetskrava (bruk malen på FluxBEATS sine nettsider).
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (bruk malen på FluxBEATS sine nettsider).
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
eventuelle publikasjonar
Søknaden og vedlegg med stadfesta omsetjingar til engelsk må lastast opp på Jobbnorge. Merk: Ufullstendige søknader vil ikkje bli teke i betraktning.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Førsteamanuensis Desiree Roerdink, Institutt for geovitenskap, UiB, e-post: desiree.roerdink@uib.no , +47 55 58 38 59 eller
Førsteamanuensis Steffen Leth Jørgensen (Direktør Senter for Djuphavsforskning), Institutt for geovitenskap, UiB, e-post: steffen.jorgensen@uib.no, telefon: +47 55 58 38 60
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rådgjevar Mathilde Høgalmen, epost: Mathilde.Hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.