Phd stipendiat (CC.AGE) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Søknadsfrist: 12.06.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Phd stipendiat (CC.AGE), Institutt for global helse og samfunnsmedisin
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.
Stillinga er del av det nye Senter for sammensatte sykdommer og aldring (CC.AGE), finansiert av Trond Mohn forskningsstiftelse. CC.AGE er ein del av Senter for aldersog sykehjemsmedisin (SEFAS), leia av professor Bettina S. Husebø. SEFAS har om lag 15 tilsette og vekst raskt med flere nye forskerstillinger. SEFAS holder til i Alrek helseklynge, og har i alle forskningsprosjekt søkelys på innovasjon, tverrprofesjonelt samarbeid, brukerinvolvering og samarbeid med industripartnere. CC.AGE har tett samarbeid med Bergen senter for etikk og prioriteringer i helse (BCEPS), UiB. BCEPS er leia av professor Ole Frithjof Norheim. Også BCEPS er lokalisert ved Alrek helseklynge og har spesielt søkelys på etikk, prioriteringer, økonomi og filosofi i helsetjenesten. Videre har CC.AGE tett samarbeid med Institutt for informatikk, UiB og Senter for ernæring, Institutt for klinisk medisin, UiB.
CC.AGE starta formelt i februar 2024, med mål om å støtte eldre med komplekse kroniske sjukdommar i å bo trygt og uavhengig heime, ved å utforske og utvikle relevant teknologi. Senteret har totalt 8 PhD, post-doc og forsker stillinger. Den aktuelle kandidaten vil jobbe med etiske og økonomiske spørsmål rundt bruk av ulike sensorer i eldreomsorgen og hvordan store datamengder kan analyseres med kunnskapsbasert maskinlæring. Videre vil kandidaten belyse spørsmålene hvordan slike data kan gi pålitelige og siker informasjoner rundt helsetilstanden, samt utvikle og teste digitale psykologiske og sosiale intervensjoner hos eldre med sammensatte sykdommer. Prosessen krever etiske og regulatoriske (juridiske) vurderinger både for utfallet av omsorgsbeslutninger, og hvordan beslutningsprosessene gjennomføres. Videre kan utprøving av ny teknologi og spesielt KI-teknologi skape nye, uforutsette omstendigheter og mulige skadelige konsekvenser i helsetjenesten. Vi trenger også bevissthet om nye etiske situasjoner som følge av demografiske endringer, ressursknapphet og forstyrrende og transformative teknologier I eldreomsorgen. Kandidaten vil også bidra med gjennomføringen av en RCT for å undersøke om en digital plattform vil bedre ressursbruk, økonomi, prioriteringer og livskvalitet hos heimebuande eldre personer med komplekse kroniske sjukdommar. Prosjektet ventast å gi resultat av høy klinisk relevans som vil publiseres i internasjonale anerkjente fagfellevurderte vitskaplege tidsskrift. SEFAS legger til rette for vitskapleg karrierebygging med et langsiktig perspektiv.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Stipendiaten skal bidra til vurderinger av praktiske og etiske utfordringer i beslutningsprosesser og beslutningsutfall i CC.AGE etter hvert som prosjektet utvikler seg.
Gjennomføring av en systematisk litteraturgjennomgang om etiske og regulatoriske problemstillinger identifisert ved bruk av teknologibasert eldreomsorg.
Identifisere etiske problemstillinger og behov for beslutningstaking under CC.AGE syntetisert i en rapport som vil være svært nyttig for å informere fremtidig etisk forskning.
Undersøke hvilke forutsetninger som må ligge til rette for at omsorgsteknologi skal skaleres opp og implementeres, og samtidig fremme rettferdig omsorg blant heimebuande eldre med sammensatte sjukdommar.
Bidra til gjennomføring av en RCT som vil teste om en digital plattform kan bedre ressursbruk og livskvalitet hos heimebuande eldre med sammensatte sjukdommar.
Stipendiaten skal behandle og analysere data og formidle resultatar til fagmiljøet i form av vitskapelege artiklar og innlegg på konferansar, samt til eit allment publikum via media.
Undervisningsdel av stillinga vil være knyta til relevante undervisningsoppgåver på SEFAS & BCEPS, IGS eller det medisinske fakultet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i medisin, psykologi, filosofi, farmasi, sjukepleie, eller andre relevante helse eller humaniorafag.
Det er et krav at søkjar meistrar munnleg norsk, då ein må kunne kommunisere på norsk med helsepersonell og eldre pasientar.
Erfaring med eldre personer med komplekse kroniske sjukdommer og norsk helsevesen er en fordel.
Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt.
Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner,
Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
God skriftleg og munnleg engelsk, sjå dokumentasjonskrav
For stillinga gjeldt følgande:
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå her for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB
Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar her.
Forskarutdanning (ph.d.-programmet):
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling:
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn for tida kr 540 500 (kode 1017, lønssteg 55) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100 (kode 1017, lønssteg 57). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400 (kode 107, lønssteg 59)
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
Søkjarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
Eventuelle publikasjonar (pdf)
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Bettina Husebø, PhD, telefon +47 48094660 og epost: Bettina.Husebo@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.