1 stipendiatstilling ved Det juridiske fakultet (3 eller 4 år)
Søknadsfrist: 15.04.2024
Publisert
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Prosjektet er tverrfagleg og koplar informatikk og informasjonsvitskap, læringsvitskap, samfunnsvitskap og rettsvitskap for å utvikle ny kunnskap om påliteleg bruk av kunstig intelligens (KI) i utdanningssektoren der transparente og rettferdige KI systemer også må baserast på tillit og ha høg grad av aksept i samfunnet. Det rettsvitskaplege bidraget i prosjektet skal vere innan rettsområda EU/EØS-reglar om personvern og koplinga mellom personvern og KI. Det er eit krav at den som blir tilsett har erfaring frå desse rettsområda.
Stillinga er for ein periode på tre år, og kan bli forlenga til fire år dersom den som vert tilsett er kvalifisert til å undervise på dei obligatoriske emna på fakultetet sitt masterprogram. Tiltreding er seinast 15. september eller før etter avtale.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må ha norsk mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande utanlandsk utdanning
Du må ha erfaring frå rettsområda personvern, EU/EØS-rett og deira kopling til kunstig intelligens. Kunnskap om bruken av KI i utdanningssektoren er ein fordel, men ikkje eit krav
Du må gjennom karakternivå og/eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for eit rettsvitskapleg forskingsarbeid
Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha evne til å samarbeide med andre, særleg med tanke på at prosjektet inngår i eit tverrfagleg og internasjonalt samarbeid
Du må ha gode kunnskapar i engelsk, munnleg som skriftleg
Det er ein klar fordel med kunnskap om norsk rettssystem, lover og reglar og at du er flytande i norsk eller eit anna skandinavisk språk
For stillinga gjeldt følgande:
Som stipendiat tilknytt EduTrust AI:
Arbeide med ei doktoravhandling (artikkelbasert eller monografi) som skal leverast mot slutten av stipendiatperioden
Ta del i ph.d.-programmet ved Det juridiske fakultet
Bidra til å formidle prosjektresultata og kunnskap om prosjektet på relevante arenaar
Delta på og være med å organisere dei tverrfaglege aktivitetane i prosjektet, i tett samarbeid med dei andre prosjektmedlemane
Hovudmålet med EduTrust AI er å utvikle framifrå forsking innan området påliteleg KI i utdanning. Gjennom eit tverrfagleg samarbeid mellom Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE), Det psykologiske fakultet og Det juridiske fakultet ved UiB, vil prosjektet 1) identifisere korleis tillit blir forstått og knytt til bruken av KI i utdanningssektoren med omsyn til dei komplekse ansvarlegheitsrelasjonane (konseptuelt rammeverk), 2) utvikle retningslinjer (pedagogiske, teknologiske og regulatoriske) for KI applikasjonar i utdanning som er tilstrekkeleg transparente, tolkbare og ansvarlege for ulike interessentar, 3) utvikle målretta material og verktøy for interessentgruppar for å bygge og støtte tillit til bruken av KI i utdanningssektoren , og 4) omsette innsikter om juridiske, psykologiske og sosiokulturelle determinantar av tillit til juridiske krav i utdanningssektoren. Slik skal EduTrust AI bidra med vitskapleg verdi og gje innspel til dei praktiske rammeverka knytt til dei utfordrande spørsmåla rundt bruk av studentdata og KI-system i utdanning, relevant for fagområda rettsvitskap, informasjonsvitskap og informatikk, læringsvitskap og samfunnsvitskap. Prosjektet er finansiert av Trond Mohn forskningsstiftelse (TMF).
Som stipendiat knytt til Det juridiske fakultet skal du bidra med forsking på det juridiske rammeverket gjennom analysar av relevante EU/EØS-regler om personvern og KI samt nasjonal regulering av utdanningssektoren (til dømes opplæringslova & universitets- og høyskolelova). Spørsmålet om regelverket sikrar påliteleg KI i utdanningssektoren vil vere sentralt og, viss nødvendig, skal du i samarbeid med prosjektmedarbeidarane sjå på moglegheita for regulatorisk utvikling på både EU/EØS- og nasjonalt nivå som etterlyst av Personvernkommisjonen (NOU 2022: 11).
Forskarane ved Det juridiske fakultet vil samarbeide med Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE) og Det psykologiske fakultet ved UiB, og vere i dialog med prosjektet sitt Scientific Advisory Board. For meir informasjon sjå prosjektet si nettside, eller ta kontakt med førsteamanuensis Malgorzata.Cyndecka@uib.no.
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø ved fakultetet, med særs gode moglegheiter for kompetanseutvikling
Opning for å søke stipend for å gjennomføre forskingsopphald ved institusjonar utanlands som ein del av stillinga
Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette ligg for tida i spennet mellom 532 200,- og 575 400,- (tilsvarande lønnssteg 54-59). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Gode velferdsordningar
Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby sine tilsette.
Søknaden skal innehalde:
Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga, og korleis dette er i samsvar med prosjektmåla i EduTrust AI-prosjektet. Sjå prosjektet si nettside for informasjon om prosjektmåla
CV (fyllast ut i søknadsportalen)
Prosjektomtale (8-10 sider). Omtalen skal innehalde ei beskriving av ph.d.-prosjektet sitt overordna tema, mål, teori og metode, samt ein plan for gjennomføringa av prosjektet og forskarutdanninga (sjå rettleiing her)
Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål
Liste over vitskapleg arbeid (publikasjonsliste)
Full versjon av masteravhandlinga og inntil 3 andre faglege publikasjonar i pdf-format
Publikasjonane må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, med mindre anna er avtalt. Søkar kan velgje å inkludere upubliserte manuskript
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør fortrinnsvis vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva
Søkarar med utanlandsk utdanning må òg legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla, karakterutskriftene og tilleggsdokumentasjonen ikkje er på eit av desse språka. Søkarar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarer med norsk mastergrad.
Søknaden og prosjektomtalen kan skrivast på engelsk, norsk eller eit anna skandinavisk språk. All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorge via lenke på denne sida merka «Søk stillingen».
Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen. Søknader som ikkje inkluderer alle dei obligatoriske vedlegga vil ikkje bli vurdert.
Søknadsfristen er 15. april 2024.
Generell informasjon:
Vurderinga av søkarane vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen og relevansen for EduTrust AI-prosjektet. Vurderinga vil òg leggje vekt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å gjennomføre ph.d.-programmet og bidra til fagmiljøet ved fakultetet. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju.
Nærare informasjon om tilsettingsprosessen ved Universitetet i Bergen her.
Utfyllande opplysningar om stillinga og prosjektet kan ein få ved å vende seg til: førsteamanuensis Malgorzata Cyndecka (e-post Malgorzata.Cyndecka@uib.no, tel. + 47 91101024).
Utfyllande informasjon om rekrutteringsprosessen og tilsetjingsvilkår kan ein få ved å vende seg til HR ved fakultetet (e-post hrjur@uib.no).
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.