Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Stipendiat i arabisk ved Institutt for framandspråk
Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i arabisk ved Institutt for framandspråk. Planlagd oppstart i oktober 2026, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.
I stillinga får du ein unik sjanse til å utvikle deg innan fagfeltet, bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø.
Om instituttet og prosjektet:
Institutt for framandspråk har ni fagområde: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium og tysk. Instituttet har om lag seksti fast tilsette i vitskaplege stillingar, omkring tjue ph.d.- og postdoktorstillingar og elleve administrativt tilsette.
Arabiskfaget har to og ei halv fast stilling, i tillegg til ei fast delstilling knytt til vidareutdanning og ei eksternt finansiert postdoktorstilling. Undervisningstilbodet strekkjer seg frå innføringsnivå til doktorgradsstudium, og tilbodet er gitt i samarbeid med historiefaget. Arabiskfaget har nært samarbeid med fagmiljøet i midtaustenhistorie ved naboinstituttet AHKR, og med fagmiljø på Universitetsbiblioteket og Chr. Michelsens Institutt (CMI).
Ph.d.-prosjektet vil vere knytt til forskargruppa i Midtausten- og islamske studiar og til fagmiljøet i arabisk ved IF. Denne forskargruppa samlar forskarar som er interesserte i studiet av islam, Midtausten og den muslimske verda. Forskingsmiljøet jobbar aktivt med å søkje ekstern finansiering. Med denne ph.d.-utlysinga er vi særleg interesserte i å byggje vidare på forskinga om den arabiske halvøya og det vestlege Indiahavet, inkludert Persiabukta og Raudehavet, helst i perioden 1500-1800, med fokus på til dømes rettslege eller historiografiske kjelder på arabisk.
Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga:
Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse.
Stillinga har ein samla periode på fire år:
2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet.
Ett år er sett av til karrierefremjande arbeid innan undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga vert avtalt ved tilsetjing.
Som stipendiat blir du teken opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskaper:
Søkjaren må ha:
Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan arabisk, midtaustenstudiar eller islamske studiar, og graden må inkludere arbeid med arabiskspråkleg materiale. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeidsevner.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, saman med ein framdriftsplan for prosjektet.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførlege dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og at søkjaren er personleg eigna for stillinga.
Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 568 700 i full stilling. Vidare lønsopprykk etter ansiennitet i stillinga.
Medlemskap i Statens pensjonskasse, som har ei trygg tenestepensjonsordning, høve til uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga.
Under «CV», gi opp:
Personalia.
Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskapleg produksjon kan leggjast ved som separat dokument dersom du ønskjer det (publikasjonsliste).
Språkferdigheiter.
Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
Under «Vedlegg» skal du laste følgjande opp som separate dokument:
Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (men litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa.
Framdriftsplan for prosjektet som tek omsyn til karrierefremjande arbeid og opplæringsdelen i ph.d.-programmet.
Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, skal dei lastast opp som vanlege filer. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som opplyser om oppgåva sitt omfang i ECTS.
Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
Inntil tre fullstendige faglege publikasjonar kan leggjast ved dersom det er aktuelt.
Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar.
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Kandidatar som tidlegare har hatt stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje stillinga.
Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Martin Paulsen, e-post m.paulsen@uib.no eller telefon 55 58 23 86 eller førsteamanuensis Eirik Hovden, e-post eirik.hovden@uib.no eller telefon 55 58 80 93.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en om å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.