Stipendiat i fjernmåling og maskinlæring av eigenskapane til snødekket
Søknadsfrist: 29.09.2024
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat i fjernmåling og maskinlæring av eigenskapane til snødekket
Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fjernmåling og maskinlæring av eigenskapane til snødekket . Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til SnowAI-prosjektet og er finansiert gjennom Akademiaavtalen mellom Universitetet i Bergen og Equinor.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Den vellukka kandidaten vil arbeide med å integrere tidsseriar av optiske og SAR-satellittbilete i eit djuplærings- og maskinlæringsrammeverk for å utvikle ein ny metode for å estimere eigenskapane til snødekket frå jordobservasjonsdata med høg romleg og tidsmessig oppløysing. Dette vil innebere trening av ein Long Short-Term Memory (LSTM)-modell for å kople overflateprosessar med lag i snødekket, samt føreseie snødjupne, snøvassekvivalent og dei stratigrafiske eigenskapane til snødekket i Vest-Noreg. SnowAI-prosjektet inkluderer også bruk av lågkostnadssensorar for å overvake eigenskapane til snødekket i sanntid og innsamling av UAV-geofysiske og in-situ feltdata, som alle vil bli brukt til modellkalibrering og valideringsføremål. Ph.d.-kandidaten kan delta i desse aktivitetane om ønskjeleg, men det er også mogleg å fullføre doktorgraden som eit teoretisk studie. Kandidaten vil få nytte av ei mangfaldig rettleiingskomité frå Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og internasjonale samarbeidspartnarar i New Zealand, Austerrike, Tyskland og Canada, med moglegheit for eit forskingsopphald ved ein av desse partnarinstitusjonane.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geovitskap, geografi, informatikk eller liknande. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.10.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring frå arbeid med fjernmålingsdata (optisk, SAR, termisk) eller geospatiale data er eit krav.
Søkjarar må ha gode ferdigheiter i programmering anvendt på geospatiale data, som satellittdata.
Erfaring med å anvende maskinlæring og djuplærings metodar på geospatiale data er ein føremon.
Erfaring (til dømes eit masterprosjekt eller praksisplass) med å arbeide med snø eller kryosfæren er ein føremon.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om ph.d.-stipendiaten
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga (maks 1 side).
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
Ei kort utgreiing for søkjaren sin forskingsplan på ph.d.-emnet (maks 2 sider).
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 01.10.2024.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgiver Chris-André Karlsen Østevold, Chris-andre.karlsen@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.