LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorrådgiver - Senter for alders- og sykehjemsmedisin

Søknadsfrist: 15.08.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgivar ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for alders- og sykehjemsmedisin

Ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS) og Senter for sammensatte sykdommer og aldring (CC.AGE), er det ledig ei fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar (100 %) med tilsetting som senter- og prosjektkoordinator. Det vil også bli integrert eit ERC Consolidator prosjekt «Decoding Death and Dying in people with Dementia by Digital thanotyping (5-D) som ein del av våre aktivitetar med overlappande perspektiv og arbeidsoppgåver.

SEFAS får finansiering frå Statsbudsjettet og har ei rekke prosjekt med ulike finansieringskjelder som inkluderer heimebuande personar med demens og sjukeheimspasientar med samansette sjukdommar. Videre har SEFAS om lag 10 pågåande prosjekt som analyserer sensordata for å overvake symptom, intervensjonseffektar og sjukdomsforløp hos eldre og personar med demens og Parkinsons sjukdom. SEFAS har om lag 30 tverrfaglege og multikulturelle medarbeidarar, blir leia av professor Bettina Husebø og har eit stort nettverk nasjonalt og internasjonalt. Senteret ligg i Alrek Helseklynge i Årstadveien, Bergen. Meir informasjon om www.uib.no/sefas

Stillinga høyrer organisatorisk til administrasjonen ved instituttet, og har administrasjonssjef som næraste leiar, men i det daglege vil den som blir tilsett samarbeide med og rapportere til leiar for Senter for alders- og sykehjemsmedisin.

Arbeidsoppgåver:

  • Ha kontakt med Norges forskingsråd (NFR), European Research Council (ERC), Trond Mohn forskningsstiftelse (TMF), Helsedirektoratet (Hdir), og administrativt følge opp partnarane i senteret.
  • Oppfylging av prosjektaktivitetar, og særleg sjå til at alle deliverables og milepålar vert levert til avtalte tider.
  • Organisere og koordinere arbeidet med senterstyre og partnarar.
  • Drive nettverksarbeid med andre nasjonale og internasjonale prosjekt og organisasjonar i fagfeltet.
  • Organisere og koordinere økonomirapportar i samarbeid med prosjektøkonom og faglege rapportar saman med senterleiinga.
  • Organisere og koordinere intern og ekstern kommunikasjon i senteret, samt med samarbeidspartnarar lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
  • Bidra til at prosjekta oppnår størst mogeleg gjennomslag og er synlege nasjonalt og internasjonalt.
  • Organisere og koordinere senteret sine nettsider og prosjektnettsider, samt utforming av nyhendesbrev frå senteret saman med kommunikasjonsrådgjevar.
  • Organisere og koordinere rekrutteringsprosessar med utlysingar, intervju og mottak av nye tilsette.
  • Organisere og koordinere medlemmer i brukarpanel.
  • Organisere møter og symposium ved senteret.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha relevant mastergrad og helst spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Kunnskap om universitets- og høgskulesektoren, og erfaring frå forskingsverksemd er naudsynt for stillinga.
  • Erfaring frå prosjektarbeid og kunnskap om ulike finansieringskjelder for forskingsprosjekt
  • Særs god munnleg og skriftleg norsk og engelsk er eit krav for stillinga – då ein må kunne formulera lett forståelege tekstar for distribusjon til både ekspertar og lekfolk.
  • Gode kommunikasjonsevner og eigenskapar knytt til teamarbeid - med fokus på lokalt, nasjonalt og internasjonalt samarbeid
  • Gode evner til å løyse og organisere komplekse oppgåver på ein strukturert måte.
  • Evne til å vise tryggheit for arbeidsoppgåver, samt å kunne prioritere og arbeide strukturert under periodevis knappe tidsrammer.

Ønska erfaring og kunnskap:

  • Praktisk erfaring med søknadsprosessar og erfaring med prosjektportalar til dømes hos NFR og EU
  • Erfaring med koordinering av større forskingsprosjekt
  • Vitskapeleg erfaring og/eller kjennskap til vitskaplege prinsipp
  • Reiser i forbindelse med møter og seminar må påreknas som en del av stillinga.

Vi søkjer ein person som:

  • Har stor grad av sjølvstende; evne til problemløysing og til å tileigne seg nye ferdigheiter 

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn som seniorrådgjevar (kode 1364) er for tida 695 000 – 745 000. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Bettina S. Husebø (Professor), +47 48094660, bettina.husebo@uib.no
  • Ingvild Strømsnes (Administrasjonssjef), +47 90929446, ingvild.stromsnes@uib.no
Powered by Labrador CMS