LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorrådgiver (100% fast) ved Forskningsseksjonen - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 26.11.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgjevar 

Ved Det medisinske fakultet, er det ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar (100 %) ved Forskingsseksjonen. Til stillinga ligg det oppgåver knytt til å vere administrativ koordinator for Driv, senter for kvinnehelseforsking. Senteret er eit samarbeid mellom Det medisinske fakultet, Helse Bergen, Bergen kommune, Høgskulen på Vestlandet og Haraldsplass diakonale sjukehus. 

Fakultetet har om lag 1 200 tilsetja, fem institutt og eit senter for framifrå forsking. Fakultetet har forskingsaktivitet på høgt internasjonalt nivå, og utdanningsprogram i medisin, odontologi, farmasi, ernæring og andre bachelor- og masterprogram i helserelaterte fag. Fakultetet samarbeider tett med sentrale aktørar i helsevesenet og med andre utdanningsinstitusjonar. Fakultetsadministrasjonen tel om lag 55 medarbeidarar. I tillegg kjem administrasjon for Globale samfunnsutfordringar (GSU, eit strategisk satsingsområde ved UiB) og Regional komité for forskingsetikk Vest (REK Vest).

Fakultetet har stor breidde og styrke i fagmiljøa og forskingsinfrastruktur i verdsklasse. Me har som mål å ytterlegare auke vår eksternfinansierte forskingsportefølje. Den som vert tilsett vil inngå i Forskingsseksjonen som er ein av fem seksjonar i fakultetsadministrasjonen. Seksjonen arbeider saman med fakultetsleiinga med utvikling av forskings- og innovasjonsstrategiar, prosjektutvikling, rådsgjeving og søknadsstøtte i tillegg til forvaltning av forskarutdanning. Den tilsetja seniorrådgjevaren vil vere del av dette teamet.

Arbeidsoppgåver:

  • Ha eit overordna koordineringsansvar for Driv- senter for kvinnehelseforsking
  • Leggja til rette for samhandling mellom partane i senteret
  • Utarbeide rapporter og grunnlagsmateriell 
  • Halde seg oppdatert på nasjonale og internasjonale rapportar frå styresmakter og andre aktørar.
  • Utarbeida ein strategi for korleis senteret skal kommunisera med omverda
  • Leggja til rette for møteplassar
  • Sekretær for styringsgruppe og arbeidsgruppe
  • Kartlegging av finansieringskjelder nasjonalt og internasjonalt 
  • Motivere forskarar til å søka eksterne prosjekt 
  • Oppgåvene blir utført i tett samarbeid med leiinga og fagmiljøa

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkaren må ha: 

  • relevant mastergrad og helst spesialkompetanse tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • god digital forståing og kompetanse 
  • fremragande munnleg og skriftleg framstillingsevne i engelsk
  • god skriftlege og munnleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk 

Det er ein fordel med: 

  • ph.d.-grad eller tilsvarande forskingsbakgrunn i medisinsk forsking
  • omfattande relevant praksis 
  • god kjennskap til eksterne finansieringskjelder (td Forskningsrådet og EU) 
  • kjennskap til helsetenesta og forsknings-utdanningsinstitusjonene på Vestlandet

Vi søker ein person som: 

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar 
  • har stor arbeidskapasitet, stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing 
  • er fleksibel og serviceinnstilt
  • er systematisk og analytisk
  • har evne og vilje til raskt å setja seg inn i nye saksfelt
  • er kvalitetsbevisst og jobber strategisk, strukturert og målretta innan fristar 

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. 

Vi kan tilby:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø 
  • Løn som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 75 - 77 (for tida kr 759 100 – 796 600). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Tone Friis Hordvik (Seksjonssjef), +47 55588689, tone.hordvik@uib.no
  • Marit Bakke (Prodekan), +47 55586014, marit.bakke@uib.no
Powered by Labrador CMS