LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i digital kultur med fokus på forteljingar i sosiale medium

Søknadsfrist: 19.03.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Velkomen som søkjar til éi (1) stipendiatstilling i digital kultur med fokus på forteljingar i sosiale medium ved Senter for digitale forteljingar. Planlagd oppstart er 1. september 2023, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Om Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Instituttet femner om program i digital kultur, kunsthistorie, teatervitskap, litteraturvitskap, lingvistikk, klassisk filologi, nordisk språk og litteratur, norrønt, norsk som andrespråk og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. Frå hausten 2023 vil instituttet vere stolt vertskap for Senter for digitale forteljingar (Center for Digital Narrative, CDN), eit norsk senter for framifrå forsking (SFF).

Senter for digitale forteljingar (CDN) er finansiert av Norges forskningsråd. Senteret har fokus på algoritmisk narrativitet, nye miljø for forteljing og dei skiftande kulturelle kontekstane kor digitale forteljingar vert mottatt og omarbeidde. Vi undersøkjer korleis samspel mellom menneskelege forfattarar og ikkje-menneskelege agentar fører til nye forteljingsformer, korleis materialiteten til digital forteljingar har endra seg over tid, og korleis kulturelle samanhengar formar digitale forteljingars materialitet, bruk og funksjon.

Om prosjektet

Ph.d.-prosjektet skal analysere forteljingar forma i sosiale medium, med vekt på marginaliserte og/eller ideologidrivne røyster og grupper. Prosjektet skal bruke tolkande, kvalitative metodar, som etnografi, visuell eller tekstanalyse o.l. Vi er særleg interesserte i tematiseringar av tilhøyrsel og ekskludering i felles forteljingar som vert delte i sosiale medium. Relevans for eit norsk eller nordisk samanheng er ein føremon. Det er noko fleksibilitet i tematikken for doktoravhandlinga, som kandidaten vil utvikle vidare i samarbeid med leiarane av CDN si gruppe for sosiale medium.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan digital kultur, medievitskap, visuell kultur, litteraturvitskap, kjønnsstudium, mangfoldstudium, kulturvitskap eller eit relatert fagområde. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som berre dokumenterer annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultet sine retningsliner.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.

Erfaring frå nokre av desse områda er ein føremon:

  • Akademisk forsking på digitale forteljingar, særleg forsking som er relevant for fokusområda til CDN.
  • Forskingspublikasjonar eller forskingsformidling.
  • Metodar i digital humaniora.

Søkjarar må skrive ein omtale av eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling.

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjektomtalene til søkjarane, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det blir videre lagt vekt på fagstrategiske omsyn, samt at søkjaren er motivert og personleg eigna for stillinga.

Om stipendiatstillinga

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med senteret og instituttet ved tilsetjing.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen kan ikkje søke.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og godkjent midtvegsevaluering. Trykk her for meir informasjon om innhaldet i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.

Det er ein føresetnad at søkjaren fyller krava for opptak til ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn 500.800 kr. per år før skatt (kode 1017), tilsvarande lønssteg 54 i det statlege lønsregulativet. Vidare opprykk skjer stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektomtale (inntil fem sider/12.000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektomtalen skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspektar og ein tidsplan for gjennomføring.
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Relevante attestar.
  • Framdriftsplan for prosjektet.
  • Litteraturliste for prosjektomtalen .
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: [email protected].

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS