Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 12 000 studentar og 2 000 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Me skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalta naturressursane på og ved å leggja til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd og læring for livet er våre satsingsområder.
I samspel og dialog med våre omgjevnader regionalt, nasjonalt og internasjonalt har me eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og to nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum
Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyd ei rekkje spennande kultur- og fritidsaktivitetar.
Saman med dei tilsette og studentane våre vil me løfta blikket og våga å tenkja stort og nytt — me vil utfordra det velkjende og utforska det ukjende.
Handelshøgskolen UiS tilbyr bachelor- og masterutdanningar i økonomi og administrasjon, rekneskap og revisjon, hotell og reiseliv samt rettsvitskap. Fakultetet legger til rette for utdanning, forsking og formidling innafor en stor spennvidde av fag. Universitetets Senter for innovasjonsforsking er plassert ved fakultetet. Per i dag er om lag 130 tilsette og 1800 studentar knytt til fakultetet. Handelshøgskolen UiS er organisert i tre avdelingar: Avdeling for innovasjon, leiing og marknadsføring, Avdeling for rekneskap og rettsvitskap og Avdeling for samfunnsøkonomi og finans.
Om stillinga
Universitetet i Stavanger har ledig stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar innanfor arbeidslivskontakt ved Handelshøgskolen UiS. Stillinga er organisert i fakultetsadministrasjonen og rapporterer til fakultetsdirektøren.
I stillinga vil du få ei sentral rolle i utvikling, koordinering og drift av strategiske samarbeidsprosjekt mellom Handelshøgskolen UiS og eksterne aktørar, med særleg vekt på koplinga mellom utdanning og arbeidsliv. Stillinga gir stor grad av sjølvstende og ansvar, og inneber tett samarbeid med både fagmiljø og næringsliv.
Hovudoppgåver
Overordna prosjektleiing og koordinering av InnVest Finans – eit strategisk internship- og praksisprogram.
Utvikling og oppfølging av samarbeid med finansnæringa, mellom anna praksisplassar, partnarskap og mentorordningar.
Strategisk vidareutvikling av samspel mellom akademia og arbeidsliv.
Kvalitetssikring av praksisopplegg i tråd med faglege mål og institusjonelle krav.
Bidra til utvikling av metodikk, standardavtalar og digitale støtteverktøy.
Profilering av Handelshøgskolen UiS og programmet eksternt.
Rapportering, evaluering og vidareutvikling av programmet.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
relevant utdanning på masternivå. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
erfaring med prosjektleiing og/eller strategisk utviklingsarbeid
god digital kompetanse og erfaring med relevante IT-verktøy
svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vidare blir det lagt vekt på at du:
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
har god gjennomføringsevne og høg arbeidskapasitet
er relasjonssterk og trivst i samspel med eksterne aktørar
Vi tilbyr
varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kunnskapsintensiv organisasjon
eit ambisiøst og inkluderande arbeidsmiljø
lønn etter Statens lønnsregulativ, lønnsplan 90.500, stillingskode 1434, kr 630.000-730.000 bto pr år. Omfattande relevant erfaring ogspesialkompetanse innanfor hovedoppgavene i stillinga kan gi tilsetting som seniorrådgiver i kode 1364, kr 700.000-850.000. Lovfesta innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå lønna.
medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når vi har ulike bakgrunnar og erfaringar, kan vi sjå utfordringar frå fleire vinklar og finne betre løysingar. Vi er opptekne av å vise respekt for kvarandre med dei ulikskapane vi har, og legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Vi tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar.
Om du synest stillinga er interessant, oppmodar vi deg til å søkje – uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ei tid.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, inviterer vi minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Kjenner du deg att i ein av kategoriane, kan du krysse av for dette i jobbsøkjarportalen. Les meir om krava for vurdering i desse gruppene på våre nettsider.
Universitetet ønskjer å rekruttere fleire menn til avdelinga, og oppmodar derfor spesielt menn til å søkje. Dersom fleire søkjarar blir vurderte som jamt kvalifiserte, vil ein mann bli prioritert framfor ei kvinne.
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via Søk stillingapå denne sida. Her blir minimum søknadsbrev, relevant utdanning, arbeidserfaring og språkferdigheiter registrerte. I søknadsbrevet må du få fram kompetansen og motivasjonen din.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og annan relevant dokumentasjon må lastast opp som vedlegg. Dokumentasjonen må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overstig 100 MB samla, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden blir vurdert på grunnlag av informasjonen som ligg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis du oppfyller kompetansekrava.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla.
UiS vurderer berre søknader og vedlegg registrerte i Jobbnorge.