Universitetet i Stavanger vil vere ei drivkraft i innovasjon og omstilling av samfunnet. Grøn omstilling står sentralt i verksemda vår, med berekraft på veg inn i alle studieprogram. Satsingsområda våre er energi, helse og velferd og læring for livet.
Her kjem du til ein arbeidsplass prega av framifrå forskarar, yrande studentliv og høg trivsel blant våre 2.000 tilsette. Me er eit ope universitet, raust og inkluderande, med levande møteplassar for kritisk refleksjon, kunnskapsdeling og konstruktiv debatt. Eit av dei fremste kjenneteikna våre er ustrakt samarbeid med arbeidslivet, både innan forsking og utdanning. UiS satsar på innovative og fleksible læringsmetodar for dei 12 000 studentane våre. Me er med på å fornye europeisk høgare utdanning gjennom ECIU University, eit flaggskip-initiativ i EU. Dette gjev unike mogelegheiter for læring, utveksling og utvikling for studentar og tilsette.
Universitetet ligg i Noregs tredje største byregion med 340 000 innbyggjarar. Regionen er internasjonal og har eit dynamisk arbeidsliv, spennande kulturliv og rik tilgang på naturopplevingar. Som tilsett får du tilgang til billegare kollektivtransport, trening i arbeidstida, mogelegheit for fleksibel arbeidstid og bustadlån i Statens pensjonskasse.
Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora er regionen sin viktigaste institusjon for utdanning av lærarar til barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, høgskule og universitet. Fakultetet tilbyr også grunnutdanning innanfor idrett, språk, religion, historie, samt åtte masterprogram og ei doktorgradsutdanning. Fakultetet har tre nasjonale senter: Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Nasjonalt lesesenter), Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret) og Kunnskapssenter for utdanning (KSU), samt forskingssentera Filiorum - Senter for barnehageforsking og Greenhouse - Centre for environmental humanities. I tillegg er fakultetet ein av fem universitetspartnarar i Senter for spesialpedagogisk forsking og inkludering (SpedAims). Fakultetet samarbeider med Utdanningsdirektoratet, kommunar og fylke om etter- og vidareutdanning. Fakultetet har om lag ¼ av universitetet sin studentpopulasjon, med 3.300 studentar, og 390 tilsette fordelt på fakultetsadministrasjonen, Institutt for barnehagelærarutdanning, Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk, Institutt for kultur- og språkvitskap, Nasjonalt lesesenter, Læringsmiljøsenteret og Kunnskapssenter for utdanning.
Om stillinga
Universitetet i Stavanger har ledig stilling som eksamens- og praksiskoordinator ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, fakultetsadministrasjonen. Stillinga er ledig frå 1. august 2026.
Den som vert tilsett skal ivareta eksamens- og praksisarbeid knytt til studia ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret) og rapporterer til kontorsjef ved senteret si avdeling i Stavanger.
Dette er ei stilling for deg som trivst med varierte arbeidsoppgåver, likar å jobba tett på studentar og fagmiljø og som ønskjer å bidra til ei trygg og god studieoppleving for studentane våre.
Hjå oss får du høve til å jobba både med dagleg drift og med utviklingsarbeid – ein kombinasjon som gjer at arbeidskvardagen blir både føreseieleg og variert.
Me ser etter ein person som trivst med ansvar, likar å løysa problem, og som finn det givande å bidra til ein smidig studieprogresjon for studentane våre.
Hovudoppgåver
planleggja og gjennomføra administrativt arbeid knytt til eksamen og praksis
informera og rettleia studentar om plikter og rettar i samsvar med relevant regelverk
sakshandsama og følgja opp klagesaker om sensur og formelle feil
sakshandsama søknader om tilrettelegging, fleire eksamensforsøk, gyldig fråvær og permisjon
koordinera og leggja til rette for studentar i praksis
delta i utvikling av praksisstudiet i samarbeid med faglærarar og praksislærarar
delta i saksførebuing av saker til universitetet si nemnd for studentsaker og andre saker som krev juridisk vurdering
vera kontaktledd mot Utdanningsavdelinga i samband med eksamen og praksis
utføra utviklingsoppgåver innanfor ansvarsområdet, inkludert effektivisering og digitalisering
bidra til samarbeid og erfaringsutveksling på tvers av einingar
byggja opp og vidareutvikla studieporteføljen til senteret i samarbeid med studiekoordinator og utdanningsleiar
ha ansvar for systemutvikling av ressursallokering innan utdanningsområdet ved senteret i tett kontakt med utdanningsleiar
gje råd knytt til prosessutvikling for senteret si utvikling av mikroemne i samråd med senteret sin leiar for samfunnskontakt
Kvalifikasjonar
Du må ha:
høgare utdanning på minimum bachelornivå
relevant erfaring
erfaring med bruk av relevante IT-verktøy
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vidare legg me vekt på at du:
har spisskompetanse i bruk av excel
har erfaring med utarbeiding av saksframlegg og utvikling av rutinar og prosedyrar
er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
er sjølvstendig, effektiv og strukturert
er proaktiv, resultatorientert og tek ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar
Me tilbyr
eit fagmiljø som brenn for studentane og som legg vekt på kvalitet, samarbeid og utvikling
eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø prega av opne dører, omtanke og gode kollegaer
varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling
løn som rådgjevar etter Statens lønsregulativ l.pl. 90.103, kode 1408, kr 600.000 - 700.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn vurderast. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når me har ulike bakgrunnar og røynsler, kan me sjå utfordringar frå fleire vinklar og finna betre løysingar. På UiS er me opptekne av å visa respekt for ulikskapane våre, og legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Me tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar.
Synest du denne stillinga er interessant, oppmodar me deg til å søkja, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn, eller om du i ein periode har vore utanfor arbeidslivet.
Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, inviterer me minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenner du deg att i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår. Les meir om krava for å verta vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søkja. Dersom fleire søkjarar blir vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne.
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdigheiter registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal takast omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastast opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 100 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om ovanfor.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.