Ledig stilling på Universitetet i Stavanger

Stipendiat i kulturstudiar

Søknadsfrist: 08.03.2020

Om stillingen

Universitetet i Stavanger har ledig ei 3-årig stipendiatstilling i kulturstudiar ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, Institutt for kultur- og språkvitskap. Stillinga er ledig frå 1. august 2020. Dette er ei rein forskingsstilling utan undervisning.

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12.000 studenter og 1.800 ansatte. Vi er eneste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet har store ambisjoner. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og være en drivkraft i kunnskapsutviklingen og endringsprosesser i samfunnet. Sammen med våre ansatte og studenter vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt – vi vil utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Institutt for kultur- og språkvitenskap, som er en del av Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora, har ansvar for universitetets nye lektorutdanning for trinn 8-13 og praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet tilbyr også utdanninger innenfor nordisk, engelsk, religion, historie, norsk for internasjonale studenter samt mastergradsutdanninger i historiedidaktikk, lesevitenskap og Literacy Studies. I samarbeid med andre enheter ved fakultetet tilbys doktorgradsutdanning i lesevitenskap/Literacy Studies. Det er i dag 60 ansatte og 1100 studenter tilknyttet instituttet.

Stillinga er eksternt finansiert med midlar frå Norges forskingsråds FRIPRO-program gjennom prosjektet «Back to Blood: Pursuing a Future from the Norse Past» (BTB). Prosjektet er leia av professor Anne Kalvig og inkluderer forskarar ved Universitetet i Stavanger, Universitetet i Oslo og Linköping Universitet i Sverige. Prosjektet er forankra i faggruppa Religion, kultur og samfunn og i programområdet The Greenhouse, som representerer miljøhumaniora ved UiS. Kalvig er rettleiar for stillinga, og det vil også bli oppført medrettleiar.

Formålet med stillinga er å gje ein lovande kandidat høve til å oppnå doktorgraden gjennom å produsera eit forskingsarbeid som vil inngå som resultat i det eksternfinansierte forskingsprosjektet.

Prosjektet BTB som heilskap søker å kartlegga korleis og forklara korfor nåtidig interesse for berekraft, identitet og medborgarskap fører til ein auka kulturell og spirituell etterspørsel etter vikingar og norrøn fortid, og konsekvensane av at ulike kulturelle aktørar møter dette behovet.

Forskingstema for stillinga er korleis formidling av kunnskap om norrøn kultur og religion kan bidra til å utdjupa dei tre tverrgåande temaa i dei nye læreplanane for grunnskolen: folkehelse og livsmeistring; demokrati og medborgarskap; og berekraftig utvikling. Stillinga vil utforska korleis museums- og skolesektoren samhandlar, og bidra til ny kunnskap og utvikling på feltet. Fokus skal vera på kor vidt og korleis ei praktisk tilnærming med materialbruk, gjenstandar og utforskande metodar kan bidra til integrert læring, utvikling og danning, der både profesjonell og frivillig sektor kan inngå som partnarar med skolen. Det er forventa at stipendiaten vil arbeida tett med eitt eller fleire museum og ein eller fleire skolar.

Stipendiaten vil kunna følgja miljøhumaniora-forskarskolen NoRS-EH, som blir leia av UiS.

Prosjektskildring

Søkarar blir bedne om å skriva eit prosjektutkast på 3-5 sider (denne malen kan nyttast), forutan ein kort søknad der du presenterer deg sjølv og dine føresetnader. I prosjektutkastet skal du mellom anna visa kva aspekt og tema innan norrøn kultur du tenker utforska i prosjektet, korleis du vil vinkla temaet teoretisk og metodisk, kva type data du vil bruka og ein tidsplan. I løpet av dei tre fyrste månadene i tilsettingsperioden, skal prosjektet vidareutviklast saman med rettleiar til endeleg prosjektskildring.

Kvalifikasjonskrav

Me søker deg som har ein sterk fagleg bakgrunn med mastergrad eller tilsvarande innan relevante fag som arkeologi, antropologi, historie, kulturvitskap, museologi, nordisk, pedagogikk, religionsvitskap. Det er ein fordel å ha fagleg kompetanse der kunnskap om norrøn tid og/eller nåtidig bruk av norrøn tid inngår. Det er ønskeleg med erfaring frå kulturformidlingsfeltet, gjerne relatert til norrøn tid og norrøne plassar.

Karakteren på masteroppgåva og vegen gjennomsnittskarakter på masterstudiet må begge kvar for seg svara til B eller betre.

Søkarar med utdanning frå ein institusjon med annan karakterskala enn A-F blir bedne om å legga ved ein stadfesta konverteringsskala som viser korleis karakterane kan samanliknast med den norske A-F skalaen.

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • er interessert i å jobba tverrfagleg
  • er motivert og har potensial for forsking innanfor fagfeltet
  • kan arbeida sjølvstendig og i eit fellesskap, vera nytenkande og kreativ, er strukturert og har stor arbeidskapasitet
  • har gode ferdigheiter i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg

Me tilbyr

  • variert arbeidskvardag i ein stor, spennande og samfunnsviktig organisasjon
  • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønsregulativ l.pl 17.515, kode 1017, kr 479.400 bto pr år med lønsutvikling etter ansiennitet i stillinga
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar

Les meir om tilsettgode og fordelar på uis.no

Kontaktinformasjon

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å venda deg til:

Opplysningar om tilsettingsprosessen kan du få ved å venda deg til HR-rådgjevar Camelia Danaei, tlf 51 83 31 49, epost [email protected]

Søknaden

Søk stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her blir søknad og CV med relevant utdanning og arbeidserfaring registrert. I søknadsbrevet må du få fram dine forskingsinteresser og motivasjon for å søka stillinga.

Følgjande dokument skal lastast opp som vedlegg til søknaden:

  • prosjektskildringa
  • vitnemål og attestar
  • publikasjonsliste
  • kopi av masteroppgåve eller tilsvarande
  • evt. annan dokumentasjon som du ønsker at det skal bli tatt omsyn til

Dokumentasjonen må ligga føre på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må desse komprimerast før dei vert lasta opp. Opplysningar og dokumentasjon som ein skal ta omsyn til ved vurdering, må vera registrert innan søknadsfristen.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkar kan bli offentleggjort sjølv om søkar har bede om å ikkje bli oppført på offentleg søkarliste, jf offentlighetsloven § 25.

UiS vurderer bare søknader og vedlegg registrert i JobbNorge.

Søk stillinga