LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Studierådgjevar - Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora

Søknadsfrist: 09.05.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har eit dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.


Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordrar det velkjente og utforskar det ukjente.


Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora er den viktigaste institusjonen i regionen for utdanning av lærarer til barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, høgskule og universitet. Fakultetet tilbyr også grunnutdanning innanfor språk, religion, historie, samt åtte masterprogram og to doktorgradsutdanningar. Fakultetet har ein nasjonal posisjon innanfor forsking og undervisning i lese- og skrivevanskar og åtferdsvanskar gjennom Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) og Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret).

Fakultetet samarbeider med Utdanningsdirektoratet, kommunar og fylke om etter- og vidareutdanning.Totalt har fakultetet om lag 3.000 studentar og 320 tilsette fordelte på fakultetsadministrasjonen, Institutt for barnehagelærarutdanning, Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk, Institutt for kultur- og språkvitskap, Lesesenteret, Læringsmiljøsenteret og Kunnskapssenter for utdanning.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som studierådgjevar ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, fakultetsadministrasjonen dedikert Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret).

Som studierådgjevar ved Læringsmiljøsenteret vil du ha ansvar for noko administrasjon knytt til senteret si studieverksemd på fakultetet sine utdanningar. I tillegg driv Læringsmiljøsenteret fleire vidareutdanningar mot eksterne studentar, som stillinga har administrativt ansvar for, og har då ansvar for heile løpet til studenten, frå rekruttering til gjennomført eksamen. Læringsmiljøsenteret er i oppstarten av ei meir framtidsretta tilnærming til digitalisering av vidareutdanningane og digital formidling. Det vert forventa at stillinga skal ha ein sentral rolle i utviklinga og administreringa av dette arbeidet. Studierådgjevaren arbeidar tett saman med senteret sin vitskaplege utdanningsleiar.

Stillinga er ledig frå seinast 01.08.21.

Den som vert tilsett vil inngå i relevante nettverk på tvers av einingane på fakultetet. Til dømes nettverk innan studie- og eksamensadministrasjon.

Hovudoppgåver

  • utføre utgreiings- og analyseoppgåver innanfor ansvarsområdet, inkludert deltaking i utvikling av nye studietilbod
  • samarbeide tett med utdanningsleiar og vitskapleg tilsette i saker om gjennomføring av studiar, samt kvalitetssikring og utvikling
  • sekretærfunksjon for utdanningsutvalet
  • følgje opp kvalitetssystemet innanfor fagområdet
  • registrere og halde ved like studieplanar og emne i ulike dokument/kanalar
  • delta i arbeid med evaluering og kvalitetsutvikling av studieprogram og emne
  • rekruttere, gjere opptak, rettleie søkjarar og studentar om spesifikke studietilbod, undervisning, eksamen og i studiekvardagen elles
  • sakshandsame studentsaker
  • leggje til rette for studentar med spesielle behov
  • koordinere faglege, tverrfaglege og andre aktivitetar i forbindelse med gjennomføring av studiet, og vere bindeledd mellom studentar, fagleg tilsette og eksterne samarbeidspartnarar
  • gje støtte innan dei ulike digitale studieadministrative programma som vert nytta, som Canvas, Leganto, Inspera
  • ta del i senteret si framtidsretta utvikling innan digitalisering av studiar og digital formidling
  • samarbeide og utveksle erfaringar på tvers av einingar
  • stillinga har i tillegg ansvar for nokre generelle administrative oppgåver ved senteret

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • erfaring med sakshandsaming og studieadministrativt arbeid innan høgare utdanning
  • oppdatert og solid digital kompetanse, erfaring eller stor interesse for bruk av verktøy og program til formidling på forskjellige kommunikasjonsplattformer
  • generell god IKT-kompetanse, samt interesse for og erfaring med raskt å kunne ta i bruk relevante studieadministrative it-system som FS og Canvas
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode kontaktskapande evner

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • har innsikt i informasjonstryggleik og personvern i høve studiesaker
  • er proaktiv, med evne til å arbeide sjølvstendig, er målretta og resultatorientert, service- og løysingsorientert
  • er analytisk, grundig, effektiv og fleksibel
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • kan handtere periodar med varierande arbeidsmengder
  • tek medansvar for å skape eit godt sosialt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 516.000 - 600.000 bto pr år. I særskilt tilfelle kan høgare lønn verta vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vera uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i vårt arbeids- og læringsmiljø, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega våre fysiske og digitale læringsmiljø, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant, oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgiver Camelia Danaei, tlf: 51 83 31 49, e-post: [email protected]

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning, arbeidserfaring og språkferdigheiter registrert. I søknadsbrevet må du få fram din kompetanse og motivasjon for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastast opp som vedlegg til søknaden. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjon som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer òg merksame på at opplysningar om søkjar kan verta offentleggjorde sjølv om søkjar har bedd om ikkje å verta oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ditt ønskje ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS